Hunden som hadde vore sakna i to døger kunne torsdag endeleg gjenforeinast med eigarane sine som var svært glade. 
Foto: Privat
Hunden som hadde vore sakna i to døger kunne torsdag endeleg gjenforeinast med eigarane sine som var svært glade. Foto: PrivatBilde 1 av 2
voff 2
Bilde 2 av 2

Aika (6,5 mnd) funnen etter tre dagar

Torsdag kom gladmeldinga det var ein sliten hund som var funnen etter 3,5 døger i skogen. Aika blei gjenforeina med glade hundeeigarar og torsdags kveld fekk ho lov til å kvile ut i den gode senga til «foreldra» hennar. Det tar på å vera «på rømmen« i så lang tid.

Forsvann under hjortejakt

Tysdag føremiddag klarte ein seks månadar gamal hundekvelp å stikka av frå eigarane sine mens dei var på tur i Hålandsdalen i Sandeid. Hunden er ei blanding av border collie og norsk elghund, og då dei ikkje klarte å lokalisera kvelpen, melde eigarane han sakna til politiet. Politioverbetjent Arild Austhreim ved Vindafjord lensmannsdistrikt, opplyste til Grannar at den vesle hunden kunne minna litt om ein liten ulv, så om nokon observerte han ville nok eigarane bli svært glade for å finna hunden sin igjen. «Vesle-ulven» var nemleg sårt sakna, og var truleg utstyrt med både halsband og line.

Takkar for støtte og hjelp

Torsdag kunne matfar Jarle Erdalsdal pusta letta ut, og mens Aika får kvila ut heima, er Erdalsdal tilbake på jaktposten sin.

— No kikkar me etter hjorten i månelyset. Det har vore lite tid til jakt dei siste dagane og nettene, men med over 20 personar som har vore med å hjelpt til i leitinga etter Aika, gjekk heldigvis alt bra til slutt. Eg må berre få seie tusen takk til alle som var med på leitinga, og til all støtte eg har fått, seier Erdalsdal.