Leveringsfristen er gått ut for sykkelveg
Risa AS reknar med å vere ferdig med sykkelvegen mellom Ølen og Ølensvåg i januar 2020, fire månader på overtid. Statens vegvesen svarar med dagbøter.
For syklistar som ser lengselsfullt på ein nesten ferdig sykkelveg på store delar av strekninga langs E134, må truleg vente til over jul før sykkelen får plass parallelt med den sterkt trafikkerte europavegen.
Entreprenør Risa AS opplyser at den 3,3 kilometer gang- og sykkelveg mellom Ølen og Ølensvåg, ikkje blir overlevert til Statens vegvesen før over nyttår. Det kan bli fire månader på overtid samanlikna med kontrakten mellom dei to partane.
Kontraktdatoen for ferdigstilling var 20. september, men Risa AS kjem altså til å bruke fleire månader ekstra.