Kampane er avgjerande for å bli kvalifisert til å delta i neste fotball-EM. Noreg ligg før dei avgjerande kampane på fjerde plass med ni poeng, men berre eitt poeng bak Romania og to poeng bak Sverige på andre plass, som gir rett til plass i EM-sluttspelet i 2020. Spania leiar puljen suverent når det står igjen fire rundar.
— Det er ingen store forandringar. Det er litt endra på keepersida med André tilbake og Ørjan igjen inne. I tillegg var Ajer skada sist og tilbake nå, seier landslagssjef Lagerbäck i ei pressemelding om uattaket.
Landslagssjefen er godt fornøgd med klubbkvardagen til dei fleste spelarane i troppen.
— Det ser ganske positivt ut denne gongen. Mange har fått ei meir og meir sentral rolle i klubbane sine. Det ser ganske bra ut, så får me sjå om me kan gjera det til gode prestasjonar i kampane som kjem nå også.
Lagerbäck understrekar at Noreg må ha minst fire poeng på dei komande kampane, aller helst seks, for at EM-håpet skal leva vidare.
Håvard Nordtveit som til dagleg spelar i tyske Hoffenheim, har vore bankers i det norske forsvaret. Vatsbuen som står bokført med 51 landskampar, gjorde ein solid innsats i førre kamp mot Sverige. Han debuterte i landslagsdrakta sommaren 2011.
HER ER TROPPEN
Keeperar
André Hansen – Rosenborg
Rune A. Jarstein – Hertha Berlin
Ørjan Håskjold Nyland – Aston Villa
Forsvar
Kristoffer Vassbakk Ajer – Celtic
Haitam Aleesami – Amiens
Omar Elabdellaoui – Olympiacos
Ruben Gabrielsen – Molde
Even Hovland – Rosenborg
Birger Meling – Rosenborg
Håvard Nordtveit – Hoffenheim
Tore Reginiussen – Rosenborg
Jonas Svensson – AZ Alkmaar
Midtbane
Sander Berge – Genk
Tarik Elyounoussi – AIK
Markus Henriksen – Hull
Stefan Johansen – Fulham
Fredrik Midtsjø – AZ Alkmaar
Mathias Normann – Rostov
Ole Kristian Selnæs – Shenzhen
Martin Ødegaard – Real Sociedad
Spissar
Erling Braut Haaland – Salzburg
Bjørn Maars Johnsen – Rosenborg
Joshua King – Bournemouth
Alexander Sørloth – Trabzonspor