Snart klart for racketsport
Tidleg onsdag morgon fekk Padel-banen på den nye aktivitetsparken i Ølen sentrum endeleg tak over seg.
Ferdigstillinga av banen har late vente på seg. Han skulle eigentleg stått ferdig saman med resten av aktivitetsparken til den offisielle opninga av denne i slutten av september, men baneleverandøren som fekk første anbod gjekk konkurs. Oppdraget gjekk vidare til ny leverandør frå Spania.
— Det var litt synd at me ikkje fekk banen ferdig til den offisielle opninga, men no er me fornøgde med at han snart står klar til bruk, i lag med resten av fasilitetane i aktivitetsparken. Me registrerer at parken har vore godt i bruk til nå, seier Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune.
Taket er ekstrautstyr for å avverje nedbør, ikkje ein essensiell del av Padel-tennis, ein variant av tennis med utspring i Latin-amerika. Obligatorisk er derimot veggar rundt banen, som snarleg skal kome på plass ved det nye anlegget i Ølen.