— Dette er i tråd med føringane i mediestøttemeldinga om at meir av støtta skal gå til små, lokale aviser, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.
Totalt får vel 150 aviser til saman 318 millionar kroner i produksjonstilskot i år, fem millionar kroner meir enn i 2018. Auken går i sin heilheit til lokalaviser i ordninga.
Grannar får 585.413 kroner i 2019, mot 545.997 kroner i fjor.
Størst auke
Klassekampen får fortsatt mest støtte med over 42 millionar kroner i tilskot, sjølv om avisa mister nokre hundre tusen kroner. Støtta til Bergensavisen og Morgenbladet har størst prosentvis auke målt mot fjoråret. Bergensavisens opplagsvekst gir nesten seks millionar kroner meir i støtte, og med 35 millionar i tilskot får avisa nest mest av støttemottakarane i 2019. Morgenbladet nær doblar si støtte til cirka 10,4 millionar etter å ha auka frå éin til to utgåver i veka.
Størst prosentvis reduksjon får Fiskeribladet, som mistar 14 prosent av støtta. Det svarer til ein nedgang på nesten éin million kroner.
Éi avis inn og fire ut
Éi ny avis kvalifiserte seg til å motta støtte i år. Avisa Midsundingen er lokalavis for Midsund kommune i Møre og Romsdal, kjem dagleg ut på nett og som papirutgåve éin gang i månaden. Det er nettutgåva som kvalifiserte seg til tilskot.
Fire aviser forsvann ut av støtteordninga i 2019. Avisene Gjengangeren og Telen hadde for store økonomiske driftsoverskot i 2018 til å vera kvalifisert for tilskot, mens avisene Nordvestnytt og Åmliavisa har lagt ned drifta.
Medietilsynet har tidlegare konkludert med at dei nye søkjarane Dagbladet Pluss og Nett.no ikkje er kvalifiserte for produksjonstilskot fordi publikasjonane ikkje oppfylte krava til formål og innhald.
Dei største støttemottakarane
Over 208 millionar av støtta går til de ti største mottakarane. Her er avisene som fikk mest i produksjonstilskot i 2019:
Avis | 2019 | 2018 | Utvikling i prosent |
Klassekampen | 42 177 500 | 42 944 322 | -2 % |
Bergensavisen (BA) | 35 083 878 | 29 158 132 | 20 % |
Vårt Land | 33 081 582 | 36 909 220 | -12 % |
Dagsavisen | 29 734 383 | 32 070 495 | -8 % |
Nationen | 21 868 778 | 22 949 182 | -5 % |
Dagen | 15 392 136 | 16 167 416 | -5 % |
Morgenbladet | 10 411 634 | 4 852 582 | 115 % |
iTromsø | 8 335 814 | 8 229 619 | 1 % |
Fiskeribladet | 6 688 937 | 7 647 891 | -14 % |
Dagens Perspektiv | 6 081 681 | 5 593 723 | 9 % |
Totalt | 208 856 323 | 206 522 582 | 1 % |