Forslaget om å legga ned ned den kommunale barnehagen i Øvre Vats engasjerer mange.
Arkivfoto: Øystein Birkenes
Forslaget om å legga ned ned den kommunale barnehagen i Øvre Vats engasjerer mange. Arkivfoto: Øystein Birkenes FOTO: Øystein Birkenes

Barn og unge er framtida vår

Ope brev til politikarane og rådmannen i Vindafjord kommune:
29.10.19 klokka 14 la rådmannen i Vindafjord kommune fram forslaget til budsjett for Vindafjord kommune for 2020. Kommunen slit med økonomien. Det er meir ut enn inn. Eit av grepa for å betre den dårlege kommuneøkonomien er blant anna å leggje ned Vats barnehage og så selja bygningen.

Utdanningsforbundet Vindafjord reagerer sterkt på at rådmannen frå talarstolen seier han vil leggje ned Vats barnehage når ein veit at det skal komme ein barnehage– og skulebruksplan i 2020 som skal danne grunnlag for framtidig standard og struktur for barnehagane og skulane i Vindafjord kommune. I forslaget til rådmannen er dette på grunn av kommunens økonomiske utfordringar og ein kan dermed få inntrykk av at dette er eit forslag som har kome fram i all hast som eit straksvedtak? Ein kan då vidare stille seg spørsmåla om dette forslaget er godt gjennomtenkt og kor mange faktorar som er tatt stilling til på førehand? Veit rådmann kva ein faktisk vil spare med dette forslaget? Når kommunen har store økonomiske vanskar må vanskelege avgjersler takst. Men store avgjersler bør ikkje takast før ein veit alle konsekvensar. Vår oppmoding er at ein også lar Vats barnehage vere ein del av den større samanhengen: Vent på barnehage- og skulebruksplanen 2020.

Det er lettare for dei tilsette at endringar i skule/barnehage skjer i ryddige forhold. At ein eventuell reduksjon av tal barnehagar og skular kjem via barnehage- og skulebruksplanen som skal komme i 2020.

I Vindafjord kommune er det kommunale barnehagar å «plassere» dei overflødige på, men er det plass til alle dei tilsette når det er minkande fødselstal?

Elles viste rådmannen budsjettet til Skjold skule. Det einaste punktet han trekte fram for dei frammøtte var punktet som fortalde kvar Skjold skule meiner dei kan spara pengar… Det kom ikkje mykje skryt til dei tilsette, elevar og foreldre for den store innsatsen dei har gjort etter brannen dei hadde.

Skulane og barnehagane i kommunen har fått merka ostehøvelen på budsjetta i mange år. Det er ikkje pengar til å kjøpa inn lærebøker, i formingsaktivitetane er det viktig at ting ikkje kostar, verktøy i sløydsalane rundt omkring på skulane er ikkje akkurat av topp kvalitet, det er berre så vidt det er pengar til å laga mat på skulekjøkkena, vedlikehaldet er ikkje på topp alle stadar heller… Det kjem ein ny læreplan for skulane til hausten og den vil krevje store investeringar i nye lærebøker og utstyr.

Ein annan stad dei vil spara pengar er at dei vil fjerna dei 10 ekstra fridagane som seniorane i kommunen har hatt i fleire år. For nokon år sidan var talet 20 dagar. Desse dagane er kanskje det som gjer at seniorane orkar å stå i arbeid nokon ekstra år.

Skulane har fått auka krav frå sentrale hald – og lokale hald. Politikarane i kommunen har vedteke at elevane i kommunen skal vere minst på nivå med fylkesgjennomsnittet på nasjonale prøver, elevane skal læra å lese og skrive tidleg. Eksamensresultata vil dei folkevalde skal vere noko å skryta av… men dette heng ikkje saman med at dei same folkevalde ikkje vel å satse på barn og unge.

Storting og regjering har stilt krav om tidleg innsats (auka satsing på 1.-4 trinn), bemanningsnorma gjeld frå skuleåret 2019/20 og seier at det skal vere 15 elevar per pedagogtime i snitt på småskulen og maks 20 på mellomtrinnet og ungdomstrinnet ( og då skal ikkje spesialtimar teljast med!), timetalet per veke for elevane har auka jamt siste skuleåra, leirskule er pålagt og elevane skal vere symjedyktige og skal kunne redda andre frå drukning før dei forlet grunnskulen. Alt dette krev kroner – rammetimar – og med auka lønsutgifter, fleire krav frå både dei som styrer landet og dei som styrer kommunen er det vanskeleg å forstå at barnehage- og skulebudsjetta må tola at ostehøvelen kjem fram gong etter gong.

Me må satsa på dei unge !

Vindafjord kommune vil gjerne kalla seg vital og sentral, og har trivsel, handlekraft og levande bygder som slagord.

Budsjettet blir vedteke på kommunestyremøtet 17.12.2019… Før den tid kan endringar gjerast.

For styret i Utdanningsforbundet Vindafjord
Magritt Kile Slåke
lokallagsleiar