Også i dag er det omlasting av pasientar i Ølen, og Sauda kommune fryktar at det blir endå meir av det når den ekstra dagbilen er tatt ut av drift.
Illustrasjonsfoto

Bil hamna i elva

Ingen kom til alvorleg skade då ein bil hamna i Østebøelva i Sandeid rundt kl 13.00 tysdag. Det  var éin person i bilen, ein mann i 70-årsalderen. Han blei tatt med av ambulanse for helsesjekk. Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka, melder Sør-Vest politidistrikt. Ved Vindafjord lensmannskontor får Grannar opplyst at bilen først fór over eit jorde før den hamna i elva like ovanfor ei hengjebru. Politiet har rutinemessig inndrege førarkortet til sjåføren. Bilen var tatt opp av elva ein time etter utforkøyringa.