Skreiv pressehistorie i 1976. Ingolv Vevatne var initiativtakaren til Landslaget for Lokalaviser (LLA) som i år fyller 40 år. I dag er 108 lokalaviser tilknytt LLA og til helga skal jubileet feirast. Foto: Grethe Hopland Ravn
Ingolv Vevatne.

Det norske folk sa nei til EU! Osloeliten i Ap/H sa nei til det norske folk!

Då Osloeliten i Ap/H tapte EU-valet for andre gong, i 1994, var dei rasande. «Berre bønder» freste dei mot Nei-partia, V og KrF, som sto på stand før kommunevalet året etterpå. Gjennom heile 1900-talet hadde det vore ei massiv nedrakking av det som kom frå bygder og distrikt – både dialektar og nasjonal kultur elles. Til og med bunaden vart møtt med «fyrop» i 1920-åra. Kvitsnippadelen var verst, sa Sigbjørn Bernhoft Osa. Denne ukulturen ser ut til å vera eit særmerke for Osloeliten. (Merk: Langt frå alle i Oslo høyrer til «eliten»).

Her er eit eksempel på forakt for det som kjem frå bygdene:

Då Magnhild Meltveit Kleppa var statsråd, ville TV2 ha eit intervju med henne. (Dei hadde stilt seg langt borte frå kontordøra hennar, og det var det viktigast ved heile intervjuet!) Vi såg ho hasta gjennom gangen mot journalistane med ku-raut og grise-grynt som bakgrunnslydar. Intervjuet var «ingenting»: berre eit enkelt spørsmål og eit enkelt svar. Ho svinga seg rundt og hasta tilbake til kontoret. Fjøslydane følgde henne heile vegen medan intervjuarane stod og lo. Ho var ein statsråd, men for intervjuarane var ho «berre bønder».

Jamvel om ikkje Osloeliten skal stå til ansvar for dette «intervjuet», så var det same forakt dei viste då dei såg bort frå folket sitt klare «Nei til EU» (to gonger), og melde oss inn i EØS for at det skal fungera som medlemskap. (Berre Oslo og Akershus hadde Ja-fleirtal). No skulle «makta» sanneleg visa folk kven som rår her i landet! Til no har dei teke imot alle EU-direktiv utan innvendingar. Dessutan har dei skifta namn på Statoil, NSB og Universitetet i Oslo til Equinor, Vy og Oslo Met. Før hadde dei namn som vi kunne forstå. No skal «det norske» vekk. Det spørst om vasskrafta vår kjem over i EU-hender i framtida. Vi er jo europearar – skit i norske bygder og distrikt.

Ingolv Vevatne