Djupt inn i trebåt-historia
Bjoabu Ernst Arne Sælevik (64) har skrive ferdig eit utførleg verk om den rike trebåtbyggar-historia rundt Vikebygd, Bjoa og Ølen dei siste 200 åra, og nå er boka snart tilgjengeleg for publikum.
Trefartøy bygde ved Ålfjorden, Bjoafjorden, Ølensfjorden og på Romsa frå 1806 til 2018», er tittelen på omslaget. Innhaldet, som går over 343 sider, er like omfattande som tittelen skulle tilseie. Innafor den oppgitte tidsramma har Sælevik tatt for seg alt frå gamle seglskip på 30 meter eller meir til små robåtar, og til og med kuriositetar som skipsmodellar og leikebåtar på nokre titals centimeter.
— Kuriositetar synest folk er spennande, så det er fint å få med det også, seier Ernst Arne Sælevik.
Bygde på kvar ein kant