Det var fullt av vatsbuar i servicetorget på rådhuset i Ølen då vatsbuar protesterte mot nedlegging av barnehagen før kommunestyremøtet i november.
Viste politikarane kva dei meiner om å miste barnehagen
Servicetorget på rådhuset var fullt til randen i ettermiddag med foreldre og barn som protesterte mot forslaget om å leggje ned barnehagen i Vats.
Politikarane som skulle i kommunetyret, måtte sno seg fram gjennom den store flokken frå Vats som kom for å gi kommunestyret ei klar melding.
— Nei til nedlegging av barnehagen vår, stod det på plakaten til Ann Linnea Sørhus (5) og Tordis Sørhus (9).
Dei hadde med seg søsken og foreldre under den småsummande markeringa.