Attende etter ein gjestevisitt ut av bygda. Hønene i bronse står i dag på utstilling rett utanfor inngangen til biblioteket på Skakke.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Sakna høner på plass igjen
Ein skulptur gitt som gåve til Etnemarknaden, er attende etter ei tid på vide vanke.
I 2020 skal Etnemarknaden markera jubileum, når dei i august arrangerer den 40. marknaden. Går alt etter planen skal bronsehønene som blei gitt som gåve frå utstillarane under 25-års jubileet, få sin plass etter mange år på avvegar.
Kunstverket til ein verdi av nærare . 100.00 kroner og laga av Arne Mæland, var plassert der den tidlegare vesle parken låg, tvers over vegen for Skakke. Då busslomma ved Enge skule blei bygd ut, måtte skulpturen takast ned, og planen var at dei mellombels skulle plasserast på marknadslageret. Men så skjedde ikkje.
— Mens statuen stod på lageret blei styret i marknaden bytta ut. Dei kjende ikkje til historia om hønene, og då Else Marie Jensen frå Svends tivoli spurde om å skulpturen, fekk ho ja, seier Monica Grindheim frå Etnemarknaden.