Vurderer statleg eldreomsorg
Å la private overta kommunale tilbod, er medisinen gruppeleiar Modolf Haraldseid (H) har for økonomien i Vindjord. Verken rådmannen eller formannskapet vil ta i forslaget, men direkte statleg finansiering av eldreomsorga, blir tema.
Vedtaket om å vurdere direkte statleg finansiering av eldreomsorga, som er ei hjartesak for Frp, vart vedtatt etter ein interpellasjon frå Mats Årvik (Frp).
Han foreslo eit vedtak som betyr at formannskapet skal få ei sak på bordet den 3. desember, og deretter i kommunestyret 17. desember når budsjettet for neste år også er på sakskartet.
Erfaringa frå kommunar som har deltatt, er at det er ein suksess, meiner Årvik.