Bravnnvesenet ber folk vere særs varsamme med bruk av open ild. Dei måtte sløkje to grass- og lyngbrannar på ein time i Skånevik laurdag.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Illustrasjonsfoto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Bilbrann i Etne

Onsdag føremiddag fekk politiet melding om ein bilbrann på E134 i Stordalsvegen i Etne. Det tok fyr i motoren på ein bil og brannen blei raskt sløkt. Ingen kom til skade, melder lensmann Ingvar Gjærde. Ifølgje Sør-Vest politidistrikt fekk den uheldige sjåføren hjelp av ein annan trafikant som kom til og fekk sløkt brannen ved hjelp av eit brannsløkkingsapparat.