Innsendar føreslår tunnel (blå strek) frå Engslegjerd til Mo, i staden for trase i dagen, slik vegen er planlagd (farga raudt).
Kartskisse: Statens vegvesen
Innsendar føreslår tunnel (blå strek) frå Engslegjerd til Mo, i staden for trase i dagen, slik vegen er planlagd (farga raudt). Kartskisse: Statens vegvesen

Bygg E134 i tunnel forbi Etne

Kommunedelplan for E134 for Solheim i Skjold til Bakka i Stordalen, er vedtatt fleire år sidan, men utan at det har skjedd noko meir med prosjektet. Etne kommunestyre behandla den delen som går frå Fikse til Bakka i 2015.

Det er spesielt reguleringsplan på vegen frå Fikse til Mo oppe på Gravelsæter eg vil ta for meg her. Vegen frå Engelsgjerd/Osvåg til Mo kjem i dagen høgt oppe i Grallseterlia og Egga på toppen. Vegen går langt over dagens E134 og bortover der det er sett opp ein på- og avkøyringsveg ned til dagens E134, om lag der Osnes-vegen kjem opp. Vidare går vegen ovanfor Gjerde og bort til Enerhaug og ned til Mo. Vegen frå Engelsgjerd og ned til Mo viser mykje skjeringar og fyllmasse der vegen blir bratt ned til Mo.

Eg har tatt nokre høgder over havet som eg tek først her. Ute ved Engelsgjerd ved vegen der parkerings plassen til Trommedalen, er det 62 meter over havet (moh). Nede ved Mosvingen er 22 moh. Oppe må Enerhaug vegen ved første gran viser målinga 71moh. Vegen bortover frå Gjerdslia kjem frå 10 til 20 meter høgare enn 71meter ned til Mo, som blir då 80-90 meter og brattare.

Det er befolkning på Gravelsæter som kjem til å merka støy frå tungtransporten om ikkje tunnel blir valt. Til orientering har eg tatt høgde over havet på Madsgårdbrekka som ligg 46 moh, og 200 meter lengre nede på 16 moh.

Etter det som eg har sett blir denne vegen mykje lengre og brattare ned til Mo enn om vegen hadde gått i ein tunnel frå Engelsgjerd til Mo.

Omsyn til gardsdrifta

Andre moment er gardbrukerane på Gjerde må ha veg opp til Trommedalen på austsida og det same på vestsida. Dei må også ha fleire undergangar for dyra etter behov for at evt. husdyr som går på beite, og hjort og andre villdyr, må sikrast med gjerde på begge sider av vegen. All dyrka jord som forsvinn frå dei som eig oppe ved Enerhaug, må erstattast, og det same må dyrka jord på vestsida der vegen som vil ta ei større steinfylling.

Ein tunnel frå Engelsgjerd til Mo vil ha ei lengde på ca. 1.400 meter og ei total stigning nedover til Mo. (62-22 = 40 m) høgdeforskjell. Dette tilseier start ved Engelsgjerd vil ein for kvar tunnellengde på 35 meter kan ein gå ned med 1 meter, og gjer ein dette 40 gonger blir, det 1.400 meter.

Alle kostnader med vegen rundt i dagen vil falle vekk og ein får ein tunnel med liten stigning og tungtrafikken som har auka dei siste 10-20 åra vil få ein betre veg. For dei andre turistar og hyttefolk meiner eg at ute ved Engelsgjerd må lagast ein plan for rundkøyring der alle som vil stoppe for å kjøpe drivstoff eller varer m.m. på butikkar i Etne. Dei kan også køyre igjennom tunnelen og ned til Mo og til Etne sentrum. Ned til innkøyring til begge sentra er det målt nokre få meter kortare gjennom tunnelen enn å køyra inn frå Engesgjerd.

Fikse

Eg har sett på teikningane som er for Fikse og rundkøyringane som går heilt bort til den eksisterande E134. Eg trudde at den eksisterande vegen ikkje skulle bli berørt av den nye vegen. Det har også vore nemnd tidlegare frå Etne kommune at det skulle bli eit industriområde der. Står dette ved lag vidare? Eg har ikkje sett på teikningar på andre sida på Fikse.

Eg er av den meining at om eksisterande E134 skulle falle vekk, ville eg heller utvida dagens veg slik at den kan bli med gul midtfelt, og at evt. sprengingsarbeide blir utført. Vegvesenet skal no i vinter byrja med arbeidet på Mørkeli-krysset. Når ein ser i media nyleg at tunnelen som skal gå frå Stavanger til Haugalandet blir utsett inntil vidare. Det same ser ein på E39 med bru over Bjørnefjorden til mange milliardar.

Treng engasjement

På grunn av den store tungtrafikken og turisttrafikken som til tider er ekstra stor, er det stor fare for at ytterlegare dødsfall kan skje sentrum i Etne. Ser ein på trafikken som me har hatt i gjennom Etne sentrum i mange år utan at noko vert gjort, kan det skje igjen. Andre stader, som t.d. frå Seljestad til Røldal, som snart skal setjast i gang, har etaten fått lagt E134 i tunnel.

Situasjonen er stort sett den same i Etne, der tungtrafikken skal ha den kortast og beste løysinga, der ein skal køyre rett fram og ned til Mo utan nemneverdig støy.

Viss Etne kommune hadde engasjert seg i tunnelsaka og trekt inn samferdselsministeren, hadde ein kome lengre og fått arbeidet i gang. Mange personar frå Statens vegvesen er i prinsippet imot å bygga tunnelar fordi dei blir for dyre i drift, men dette får dei sjå vekk i frå så lenge det blir bygt tunnelar andre stader, og der Etne sentrum har behov for ei snarleg løysing. Det er som nemnd tidlegare mykje vedlikehald på vegar som går i dagen, og i dette tilfellet spesielt for gardbrukarar på Gjerde og Gravelsæter.

Nils Ramsvik
Etne