Dette er lokaliteten utafor Bjoa der skaden på ein merd førte til at store mengder oppdrettslaks rømte halvanna månad sidan. Foto: AFB/Ove Gjerde.
Illustrasjonsfoto

Lakselobbyen styrer oppdrettsnæringa!

Det er Stortinget som avgjer korleis norsk politikk skal vera, likar mange av oss å tru. Og ja det er nasjonalforsamling som vedtek lovar og budsjett. Men for oppdrettsnæringa, er det Lakselobbyen som har hatt, og har makta.

Siste døme på det var då leiar av Havbruksskatteutvalet professor i økonomi Karen Helene Ulltveit-Moe, la fram si innstilling frå utvalet, om overskotsbasert grunnrente på 40%. Før innstillinga ein gong er handsama, har Lakselobbyen sikra seg fleirtal på Stortinget mot forslaget!

At laksemilliardærane kjem med truslar om utflagging, om forslaget blir vedteke, er inga overrasking. Men kor til skal dei flagge ut? Kypros eller andre skatteparadis? Kan det drivast oppdrett av atlantisk laks der? Nei, det får dei ikkje til (om dei då ikkje investerer i lukka anlegg). Det kalde, klare vatnet i våre norske fjordar har i fleire tiår vore grunnlaget for at dei har blitt milliardærar. Andre omsyn enn maksimal profitt, har dei ikkje brydd seg med. Profitt har det vorte, og vatnet er jaggu ikkje like klart lenger. Medan det politiske fleirtalet lograr for dei. Ingen miljøspørsmål eller førespurnad om dei bør bidra til samfunnet, sjølv om dei utnyttar og forureinar våre felles fjordar, og styrar villaks- og sjøaurebestandar mot utrydding.

Til Dagens Næringsliv laurdag 30. november seier professoren og utvalsleiaren: «Jeg har jobbet med næringspolitikk hele karrieren, men jeg har aldri sett en så sterk og massiv lobby som det sjømatnæringen har utført det siste året.» Men du stod i mot, Ulltveit-Moe, og la fram eit forslag til løysing som er heilt på sin plass! Imponerande! Men det politiske fleirtalet på Stortinget har ikkje ditt mot, dessverre.

Derfor er det svært gledeleg at kan vi sjå politisk mot frå fleirtalet i Nye Stavanger og deira formulering i budsjettforslaget:
«Samarbeidspartiene vil at oppdrettsanlegg i kommunen skal ha mål om å være utslippsfrie (lus, fôrrester, kjemikalier, mikroplast, smittestoffer, avføring) – og er rømningsfrie.

Vi ber kommunedirektøren legge fram en sak for politisk behandling om hvordan og i hvilket omfang vi kan stille slike krav.»

Så er det store spørsmålet det om dei klarer å stå mot Lakselobbyen, når dei kjem med sine trugsmål? Me vonar det, sjølv om me forventar eit og anna avisinnlegg frå til dømes «havøkonom» Bård Misund som skal greie ut om kvifor desse krava er for dryge.

Men finst det alternativ til dagens forureinande, men svært profittretta oppdrettsnæring? Ja, det gjer det faktisk! Akvafuture i Nordland har innfridd krava som fleirtalet av norske politikar ikkje tør ta i sin munn – at bransjen skal produsera utan utslepp. Firmaet fekk nyleg Dagens Næringsliv sin Gasellepris for 2019: «Lukka, lusefri og lønnsam.»

Dei meiner sjølv at me må ha strengare miljøkrav til bransjen. Nå kan altså norske politikarar i Storting og kommunestyrer ta makta bort frå Lakselobbyen og styra oppdrettsnæringa sjølv. Naturvernforbundet vonar dei klarar det!

Hallgeir H. Langeland og Kjetil Nilsen
styreleiar og styremedlem
Naturvernforbundet i Rogaland.