AF Offshore Decom i Vats går inn i ein ny dødperiode etter jul der 30 tilsette blir permitterte fram mot sommaren. Det betyr at storparten av dei tilsette blir sette på porten for ein periode. 
FOTO: HAAKON NORDVIK/AF Gruppen
AF Offshore Decom i Vats går inn i ein ny dødperiode etter jul der 30 tilsette blir permitterte fram mot sommaren. Det betyr at storparten av dei tilsette blir sette på porten for ein periode. FOTO: HAAKON NORDVIK/AF GruppenBilde 1 av 2
Frå sommaren 2020 tar aktiviteten seg opp igjen på Raunes, og 2021 kan bli den mest travle perioden med hogging av plattformer for basen. Arkivfoto
Frå sommaren 2020 tar aktiviteten seg opp igjen på Raunes, og 2021 kan bli den mest travle perioden med hogging av plattformer for basen. ArkivfotoBilde 2 av 2

Nye permitteringar på Decom-basen

AF Offshore Decom skal permittere i det nye året i ein overgang mellom oppdrag. Rundt 30 tilsette blir permitterte frå jul og fram mot sommaren.

Etter sommaren har basen i Vats plukka frå kvarande og demontert plattforma Jotun B, på oppdrag frå Vår Energi, den nest største operatøren på norsk sokkel. Det har også vore arbeid med Huldra-plattforma der Statoil er kontraktspartnar. Det same gjeld installasjonar frå Ekofisk der AF har ei rammeavtale med ConocoPhillips.

Fleirtalet permitterte

No minkar det på arbeid ifølgje prosjektleiar Ricky Ryttmar i AF Decom Offshore, og han opplyser at dei går inn i ein stille periode frå jul og fram til sommaren.

— Det blir lite produksjon framover til sommaren, og det er bakgrunnen for at det blir permitteringar. Arbeidet er prosjektbasert, men vi prøver  å ha så jamn bemanning som mogleg, men det er ikkje grunnlag for denne bemanninga framover, seier han.

I 2016 hadde AF Offshore Decom ein tilsvarande langvarig periode med permittering før jobben med Murchison-plattforma starta ut på sommaren.

Det er no 40 tilsette ved basen i Vats, og om lag 30 blir altså permitterte.

Basen i Vats har hatt relativt hyppige skifte av plassjef, og den siste kom i slutten av mai, men slutta etter nokre månader. Det var eit felles ønske frå begge partar, ifølgje Ryttmar.

Han fungerer som plassjef før ny er på plass i løpet av første halvår.

Lysnar frå sommaren av

— Nokon blir igjen med arbeid i engeneering for å førebu oppdrag som kjem seinare. Dessutan blir det arbeid med oppgradering og vedlikehald på basen, seier prosjektleiaren for demontering av oljeinstallasjonar.

Ryttmar ser framover til oppdrag som sikrar arbeid på Raunes langt inn i 2022, frå sommaren av neste år.

— Det kjem inn 27.000 tonn med stål frå sommaren av og det er på linje med det som er i år. I 2021 blir det betydeleg meir og det blir ein av dei mest travle periodane som har vore på basen nokon gong, seier han.

Difor håpar han at så mange som mogleg av dei tilsette blir med vidare etter permitteringane er over sidan det er betydeleg med arbeid i vente.

Prosjektleiaren vil ikkje gå ut med namn på oljeplattformer og kontraktspartanar som er involvert i oppdraga selskapet har framover.

Frå engelsk sektor

Det er kjent at AF skal fjerne og gjenvinne Dunline Alpha på engelsk sektor i Nordsjøen, i ein kontrakt med Fairfield Betula Limited. Det er eit samarbeid med Heerema Marine Contractors, som så ofte før. Plattforma er om lag 20.000 tonn.

AF Gruppen melde i slutten av september i fjor at dei i eit konsortium med Herema Marine Contractors hadde inngått ein avtale om å fjerne og gjennvinne ei plattform på 45.000 tonn på engelsk sektor. Dette arbeidet var venta å starte i Vats i 2020.

AF tapte kampen å få oppdraget med Statfjord A der Kværner sitt anlegg på Stord drog det lengste strået. Arbeidet var planlagt å starte i 2022, men no vurderer Equinor å forlenge levetida til plattforma på Statfjord.

Det blir lite produksjon framover til sommaren, og det er bakgrunnen for at det blir permitteringar
Ricky Ryttmar, prosjektleiar AF Offshore Decom

Langt frå boom

Det har vore ganske stille rundt AF Offshore Decom sin base der selskapet demonterer og gjenvinner oljeinstallasjonane som kjem til Vatsfjorden.

Protestbølgjene og miljøkampen har lagt seg og overskriftene i media har det blitt langt færre av. Men arbeidet går sin gang og i fjor hadde selskapet nesten 338 millionar kroner i driftsinntekter der mesteparten stammar frå plattformer som går via kaia på Raunes.

Utfordringa for selskapet er å ha tilstrekkeleg med oppdrag gjennom året, og at kapasiteten det spesialtilpassa anlegget har, langt frå blir fullt utnytta. Det har i fleire år vore varsla at den store boomen med hogging vil kome, utan at det har slått til.

Partnarskap i Skottland

Det har også blitt sterkare konkurranse i Noreg der eit heilt nytt anlegg kom på Lutelandet i Sogn og Fjordane. Den siste er Stena Recycling i Mekjarvik i Randaberg som har fått løyve til betydeleg utviding av aktiviteten sin.

AF ser i endå større grad mot engelsk sektor der dei etablerte eit fellestiltak ved Dundee hamn for to år sidan. I vår kom det eit nytt steg i den retninga ved at AF Offshore Decom danna selskapet Fairfield Decom saman med Hereema og Decom Energy. Sistnemnde har dotterselskapet Fairfield Energy som også driv med fjerning av plattformer. Hovudkontoret er i Aberdeen.

AF har dermed tatt eit endå større grep honningkrukka på engelsk sektor.

Gått frå pluss til minus

AF Offshore Decom tente gode pengar dei seks første åra på basen for opphogging og gjenvinning av oljeinstallasjonar ved Vatsfjorden. Men i 2014 snudde det, og samla sett har selskapet minus i resultat før skatt dei siste fem åra. Tre av fem år har gått i underskot, og samla er resultatet før skatt minus 63 millionar i denne perioden.

2009 var det første året selskapet hadde driftsinntekter og av ei omsetning på 471 millionar det første året, hadde selskapet nærmare 68 millionar i resultat før skatt. I desse åra var denne marginen aldri under 7 prosent.

Vendepunktet i 2014 gav ein minus på 68 millionar før skatt. Året etter hadde selskapet omsetningsrekord med over 718 millionar kroner, og over 76 millionar i pluss før skatt.

I 2018 var omsetninga nærmare 338 millionar, og med ein minus på over 65 millionar før skatt, viser rekneskapstal.