Håkon Bakkedal (18) frå Sandeid er ein av dei som ser fram til å fyre opp rakettar på nyttårsaftan, og hadde måndag føremiddag tatt turen til Etne for å handle. Saman med kamerat og sandeidsbu Oskar Larsen (17) ville han etter handelen i Etne køyre vidare til Odda for å kjøpe inn meir.
— I Odda får eg kjøpt festivalfyrverkeri, og det får eg ikkje kjøpt nokon stad her i distriktet. Så då tar me oss ein tur, både for turen sin del og for innkjøpa, seier Bakkedal.
Nyttårsafta er dei klare for oppskyting på kaien i Sandeid.
2020 nærmar seg med stormskritt, og mang ein rakett går i vêret for å markere inngangen til det nye året. Her er det nokre reglar å halde seg til.
Det er berre tillate å sende opp fyrverkeri i tidsrommet mellom 31. desember klokka 18.00 og 1. januar kl. 02.00. Fyrverkeri kan fyrast opp dei fleste stader, men Haugaland brann og redning oppmodar om å ta omsyn til menneske, dyr, bygningar og køyretøy.
— Ikkje tenn på fleire gonger
I ei pressemelding nemner Haugaland brann og redning ei rekkje råd for bruk av fyrverkeri.
Oppskytinga bør førebuast grundig. Ein bør sjekke at fyrverkeriet ikkje er skadd, og lese bruksrettleiinga grundig. Det må stå stødig på påtenningsstaden, utan moglegheit for å velte. Ein sikkerheitsradius på minimum 25 m er tilråda, og auga skal beskyttast av vernebriller.
Rakettane skal ikkje tennast på meir enn éin gong, heiter det i pressemeldinga. Dersom ein prøver igjen, kan eksplosivane bli tente før ein rekk å kome seg vekk. I tilfelle fyrverkeriet ikkje blir tent ved første forsøk, skal ein vente minst 30 minutt, dynke det i vatn, og levere det tilbake til forhandlar.
Til sist blir det nemnd at alkohol og fyrverkeri ikkje høyrer saman.
Det blir også råda om å bruke vernebriller i samband med bruk av stjerneskot. Sjølv om stjerneskot er tillate for personar under 18 år, rådar Haugaland brann og redning om at desse berre nyttast dersom vaksne er til stades. Fleire stjerneskot bør heller ikkje bli tent samtidig, då det kan oppstå store flammar som gjer skade.
55 personskadar
Nyttårsaftan i fjor blei det registrert 9 augeskadar og 55 personskadar i samband med oppskyting av fyrverkeri, ifølgje ei pressemelding frå Tryg forsikring. Før pinnerakettforbodet i 2008 var talet på augeskadar i gjennomsnitt 20 per år.
Vêrgudane ser førebels ut til å vere venlege mot nyttårsfeirande i Grannardistriktet. Det er meldt lite vind og for det meste lite regn, noko som truleg blir tatt godt i mot av dei rakettglade.