Distribusjonsleiar Lars Ove Vestbø ved avdelinga i Sandeid har fullt trykk med julepost før jul.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Sjølv om postomberinga kuttar 50 prosent i postutleveringa, skal avisene komma når dei pleier. Det opplyser Lars Ove Vestbø i Posten.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dagleg leiar Bunnpris i Etne, Hjørdis Tesdal Berg, merkar stor auke i pakkar både før jul og elles i året.

Sender stadig fleire pakkar

Julemånaden er den travlaste tida på året for alle som jobbar med pakkedistribusjon. Ved distribusjonssentral i Sandeid har dagleg leiar Lars Ove Vestbø og resten av staben huset fullt av julepost og pakkar som skal ut til mottakar før jul.

Publisert Sist oppdatert

I desember månad handterer Posten i Noreg rundt éin million postpakkar i veka, i tillegg til alle småpakkar som får plass i postkassen til kundar over heile landet. Tilsette jobbar på spreng for å få pakkar og julepost trygt levert før jul, og ved sentralen i Sandeid har dei rikeleg å hengja fingrane i før julefreden kan seinka seg.

— Det er travelt før jul, og postboda gjer ein kjempejobb, konstaterer distribusjonsleiar Lars Ove Vestbø som styrer postflyten i distriktet frå sentralen på Steinsland Næringspark i Sandeid.

Sjølv om brevposten har hatt ein formidabel tilbakegang dei siste åra, har trykket på postpakkar auka jamt og trutt heile året.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS