Border Collie-hunden Ivo frå Håland i Etne er heldig for han er ikkje av dei som blir forferdeleg redde på nyttårsaftan. Men matmor Linda Horne, understrekar at det er viktig å ta vare på dyra når dei blir redde.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Ta vare på dyra og følg lova
Eit nytt år er rett rundt hjørnet, det same er festen som følgjer med. For oss tobeinte er det spennande å stå med nasen i sky og beundra fyrverkeriet, men for firbeinte kan kvelden bli traumatisk
Natt til onsdag kjem gode ønskjer for eit godt 2020 til å bli overleverte både elektronisk og fysisk rundt om kring i heile verda, samtidig som det både fresar og gnistrar av nyttårsrakettar over hovuda på alle og ein kvar. Det er nettopp i denne augeblinken menneskets beste venn» har det som verst, og mange dyr, spesielt hundar, pesar, skjelv, klynkar, og vandrar kvilelaust rundt og prøver å gøyma seg. For dei reddaste hundane blir det mange timar med angst.
— Like sikkert som julekvelden på kjerringa kjem nyttårsaftan på våre firbeinte venner. Kvart einaste år går dyrevenner ut i avisa og oppmodar folk til å venta med fyrverkeriet til nyttårsaftan klokka 24, og kvart einaste år er det mange som gir blaffen og set rabalderet i gang før dei har lov, skriv ein av dyrlegane som driv landets dyreklinikkar på nett: dyreklinikk.no
Gode råd