Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

16-åringar kjørte bil i grøfa

I 03-tida natt til søndag fekk politiet inn melding om vinglete bil i Skjoldavegen i Haugesund, og litt seinare blei same bil funnen i grøfta ved Liaheia i Skjold.

Både førar og dei to passasjerane var alle 16 år, og førar var rusa og hadde tjuvlånt bilen til mor si. I følgje Haugesunds Avis er alle tre 16-åringane heimehøyrande på Karmøy.

Operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt opplyser at det ikkje er meldt om personskader, og dei to passasjerane blei køyrde heim til sine foreldre. Føraren av bilen blei framstilt for lege for sporsikring.