Haugesundsbandet Blest gjestar Kulturnatt i Etne.Pressefoto
Blest til Kulturnatt Etne
Haugesundsbandet Blest blir eit av trekkplastera til Kulturnatt 2020 i Etne. Som vanleg blir det eit rikhaldig program med noko for ein kvar smak, enten er ung eller vaksen.
Kulturnatt Etne i slutten av januar blir fullspekka av aktivitetar, musikalske innslag, teaterframsyning, kunsthandverk, verkstad for barn og sal av norske og eksotiske rettar. Det meste av programmet føregår på Skakke, men også Etne omsorgssenter og Galleri Misteltein held dørene opne for alle som ynskjer å høyra glade tonar eller nyta lokal kunst.
Sogelaget i Etne vil markerer 70 år sidan den 2. verdskrig braut ut i Noreg med vandring i sentrum, og på Hotel Fønix er det duka for musikalske tonar til langt ut i dei små nattetimar.
— Det er viktig at folk set av heile dagen, seier leiar i komiteen, Solveig Håheim og håpar på godt besøk.