Går alt etter planen vil den den 22 meter djupe Neptun- merden bli flytta frå Molnes til Ryfylke.
Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Fisketank på flyttefot
I seks år har er det blitt produsert smolt i Mowi AS sitt anlegg på Molnes i Skånevik, men nå kan testproduksjonen bli flytta til Hjelmeland.
Testing av produksjon av postsmolt i lukka merd i sjø starta opp i 2013 på Molnes i Skånevik som eit samarbeid mellom Aquafarm Equipment og sjømatselskapet Mowi AS. Målet var å testa ut produksjon av smolt i rømmingsikker merd opp mot luseplager, fiskesjukdom og avfall, i tillegg til å testa utstyr. I den lukka glasfibertanken Neptun, som rommar 21.000 kubikk, kan det produserast opptil 1 million postsmolt frå 700 gram til 1 kilo. Kraftige pumper syt for at sjøvatn blir pumpa opp frå djupet og skote inn i tanken, noko som mellom anna bidreg til å redusera luseplager på fisken. Store deler av slammet blir samla opp og levert til Bioplan sitt anlegg i Odda der det blir kompostert og nytta til jordforbetring. Så langt har prosjektet vist positive resultat. Luseplager og sjukdom på fisk er redusert, og utstyr er testa og utvikla undervegs.
— Me har hatt gode resultat og har utvikla utstyret, men alt er ikkje ferdig testa, opplyser driftsleiar ved Molnes, Jan Eirik Jensen.
Flytting