Torbjørn Nervik var tilstades på vegner av Norsk narkotikapolitiforening, NNPF, under folkemøte om ungdom og rus på Ølen kulturhus, og i Etne kvelden etter.Foto: Øystein Birkenes
Torbjørn Nervik var tilstades på vegner av Norsk narkotikapolitiforening, NNPF, under folkemøte om ungdom og rus på Ølen kulturhus, og i Etne kvelden etter.
Politiet var på plass på scena ved Ida Hermans (t.h.) og Rebekka Lillemo. Dei orienterte mellom anna om rus-situasjonen lokalt i distriktet.
Politiet var på plass på scena ved Ida Hermans (t.h.) og Rebekka Lillemo. Dei orienterte mellom anna om rus-situasjonen lokalt i distriktet.
Det var ikkje mange ledige sete igjen i Ølen kulturhus. Ungdommane hadde vore på same møte i skuletida, og den same seansen skulle føregå påfølgjande dag i Etne.
Det var ikkje mange ledige sete igjen i Ølen kulturhus. Ungdommane hadde vore på same møte i skuletida, og den same seansen skulle føregå påfølgjande dag i Etne.

Full sal for folkemøte om rus

Salen i Ølen kulturhus var meir eller mindre fullsett då det vart halde folkemøte om ungdom, narkotika og rus i distriktet førre tysdag. Rikeleg med informasjon, samt ein sterk appell til kjenslene, vakte engasjement hjå dei frammøtte vaksne.

Publisert Sist oppdatert

Den siste delen av seansen i Ølen var via den sterke fortellinga til foreldra Mona og Arne Bratland frå Svelvik i tidlegare Vestfold fylke, som ein kunne lese om i Grannar i måndagsutgåva denne veka. Sonen deira Håkon Bratland døydde i Essex i England etter å ha teke ein sterk overdose av MDMA, eit av dei typiske virkestoffa i det som på gata er kjent som party-dopet» Ecstasy.

Før dette blei det brukt god tid, vel over halvannan time, til ei rekke presentasjonar. Partane som snakka for dei frammøtte i Ølen var SLT-koordinator Carina Hornenes, det lokale politiet ved Ida Hermans og Rebekka Lillemo, samt Torbjørn Nervik, tidlegare politimann og nåverande representant for Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF). I tillegg heldt Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal ein liten introduksjon. Med unntak av at Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim erstatta kollegaen sin frå Vindafjord, stod nøyaktig det same opplegget for tur på Skakkesenteret i Etne den påfølgande kvelden, onsdag.

Inga kjempeutfordring

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS