Politiet i Vindafjord har nok ein gong tatt ein mann i slutten av 20-årsalderen for køyring utan førarkort. Torsdag kveld melder Sør-Vest politidistrikt at dette er tredje gongen dette skjer i løpet av den siste veka. — Vedkomande skaffar seg stadig tilgang til nye biler. Bilen i dag blei tatt i forvaring av politiet, heiter det i meldinga frå operasjonsentralen.