Vindfjordhallen brann ned 22. juli 2019. Nå godtek Vindafjord dommen og vil ikkje anka til lagmannsretten. Arkivfoto: Jon Edvardsen
Over tre år er gått sidan Vindafjordhallen brann ned i juli 2019. Fristen for å gjenreise svømmebasseng og bygdehus er juli 2025. Vindafjord har mål om å opne nybygg i 2024. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Levande bygder treng levande barnehagar og skular

Dei siste åra vi har lagt bak oss har gitt skulane og barnehagane ro rundt spørsmål om nedlegging inntil det i haust kom eit forslag frå rådmannen om nedlegging av barnhagen i Vats. Forslaget blei avvist av politikarane med grunngjeving i at det er tillyst ein debatt omkring skule- og barnehagedrift i samband med ny barnehage- og skulebruksplan som kjem i 2020.

No er vi i gang med det nye året og det er rom for nye tankar og planar. Barnehagar og skular er viktige institusjonar som grip inn i livet i bygdene våre. Det betyr noko for kvar enkelt av oss anten vi er direkte berørt som foreldre eller vi er innbyggjarar som har desse institusjonane som samlingsplassar. Vi meiner difor det er viktig med eit breitt engasjement når slike store spørsmål skal diskuterast. Me kan alle bidra til at beslutningsgrunnlaget blir godt gjennom å komme fram med våre idear og tankar. Vårt bidrag får du her.

I utgangspunktet gjeld det store spørsmålet korleis vi som kommune og lokalsamfunn vil forvalte våre fellesgodar slik at dei kjem innbyggjarane til gode på ein mest mogeleg rettferdig og nyttig måte. Ressursbruken må ha tankar for menneske, miljø og økonomi. Det handlar om barndom, ungdom, vaksenliv og alderdom. Om høve til å utvikla seg i trygge miljø, til å skaffa seg ei utdanning ein er interessert i, gode arbeidsplassar, gode helsetilbod, kunne vera kreativ, kunne delta i kulturliv, frivillig arbeid, gi og ta imot omsorg, ha ei brukande økonomi og ein bra plass å bu….ja lista kunne vore laga mykje lengre.

Noko av dette styrer vi sjølv som enkeltmenneske. Andre ting styrer vi ilag som samfunn. Vi må finne gode fellesløysingar på ei rekke ting. Det gjeld mellom anna innan helse og omsorg, oppvekst og utdanning. Dei innspela som kjem her gjeld i første rekke oppvekst og utdanning. Det er like aktuelt å sette søkelys på helse og omsorgsfeltet.

Barnehagar og barneskular

Når vi er unge og skal busette oss er det mange av oss som enten har barn eller har tankar om å få barn. Dei små barna treng ein trygg og omsorgsfull arena der dei kan leika og læra i lag med andre barn og kompetente vaksne. Slik samfunnet vårt er lagt opp er det basert på at dei fleste av oss vaksne skal ha eit arbeid utanfor heimen. Behovet for barnehagar er difor innlysande. Spørsmålet er då kor vi skal finna denne barnehagen. I ein kommune som består av mange små bygder er det naturleg å tenka seg at ein finn barnehage i den bygda ein buset seg i. Kort veg til barnehagen, sikring av at barna i same bygd får møte kvarandre og får høve til å utvikla relasjonar til kvarandre er viktig. Det er godt å kjenne kvarandre frå småbarnsalder. Det er med på å skape tryggleik i oppveksten og det er med på å trygge skulestarten. Så lenge det bur barn i bygda skal bygda ha ein barnehage. Det bør vi kunne einast om. Det skal ikkje vera nødvendig for foreldre eller kommande foreldre å lura på om barnehagen er der også til neste år eller om to eller fem år. I vår kommune bør regelen vera at der det finns barn i bygda, finns det også ein barnehage.

Likeins må vi kunne halde fram med å vere einige om at det skal vere barneskule i alle bygder. Så kan vi heller snakkast om ein regel som seier at dersom det blir færre enn x antal barn på mellomsteget, så kan ein i samarbeid med foreldra og skulen vurdere om ein ønskjer å flytte desse til nærmaste barneskule med fleire elevar. Vi bør halde oss for gode til å sende ungane våre av garde på daglege lange bussreiser ut av heimbygda før dei i alle fall har nådd 10-årsalderen! Uansett bør elevane i 1.-4. klasse få gå på skule i bygda si.

Kva reiser seg frå oska i Vats?

Dei tre ungdomsskulane våre finn vi i Vikedal, Ølen og Skjold. I inneverande skuleår er det 314 elevar i ungdomskulen fordelt på 76 i Vikedal, 104 i Ølen og 134 i Skjold. Elevtalet i barneskulen og talet på barn under skulealder i kommunen tilseier at det sett under eitt ikkje er store svingingar i barne- og elevtala framover, så langt som det er mogeleg å sjå.

Er det mogeleg å sjå for seg ein felles ungdomsskule i kommunen?

Spørsmålet var så vidt me veit oppe sist gong i 2009 som eit forslag frå Tone Hatteland (Høgre). Det var den gong forslag om å samle alle ungdomsskuleelevane i Ølen,- noko det ikkje var stemning for.

Vi står framfor ei gjenoppbygging av symjehall og idrettshall i Vats. Kan vi tenke oss å sjå dette som ei ny mogelegheit også for ungdomsskulen?

Det er no vi har sjansen. Ein sjanse til å invitera ungdommane våre til å få høve til å bli kjende med kvarandre. Til å inspirera kvarandre. Til å læra i lag. På tvers av alle bygdene.

Forslaget som vi ønskjer å målbera no er ei samling av ungdomsskuleelevane i Vats.

Kan vi bygge ein ny ungdomsskule i lag med symjehallen og fleirbruksrom ? Ein skule, symjehall og ein stor fleirbrukssal som kan brukast både til dagleg gymnastikk og som forsamlingslokale? Eit bygg som kombinerer skule, basseng, fleirbrukshall og kjøkkenfasilitetar. Som er tilpassa dagens og framtidas behov med gjennomtenkte romløysingar og tanke for pedagogisk funksjonalitet og brukshus for bygda. Kan vi få til eit bygg som er både miljøvennleg og energieffektivt og har kostnadseffektive løysingar ?

Ungdomsskulen byr på ei rekke nye mogelegheiter og utfordringar. Elevane skal ha fleire fag og fleire undervisningstimar. Ungdomsskulen skal tilby minimum 2 valfag (av 15 mogelege). Faga krev ulike utstyr og fasilitetar. Drygt 300 elevar i ungdomsskulen gir ikkje så mange valmogelegheiter når elevane er spreidde på 3 skular. Dersom ein samlar dei i ein skule, vil det kunne opne for nye moglegheiter og fleire elevar vil kunne få tilbod om å velja fag dei er interesserte i.

Vi veit at elevar på ungdomsskuletrinnet går gjennom brytningsfasar og mange kan i periodar ha trong for tilbod om å snakke med andre faggrupper enn det pedagogiske personalet på skulen. Helsesøster, lege, fysioterapeut og psykolog er blant dei faggruppene som ofte kan supplere skulen på ein god måte dersom dei er tilgjengelege. Vi kunne samle tilleggs- og støttefunksjonane, både dei pedagogiske støttefunksjonane og helsetenester for ungdom. Elevane ville kunne få møte fagpersonane på skulen. Tilgjengeleg når behovet oppstår hos den einskilde.

Vindafjord kommune kunne bygge ein foregangsskule. Eit foregangsbygg der klima, miljø og ressursbruk blir halde høgt. Ærleg og realt. Også med mål om å redusera klimagassutsleppa i byggeprosessen. Eit massivtrebygg. Eit bygg der ein opnar vindauga for å lufte. Slik me gjorde før. Ja, det er beviseleg at dette er sundt. Dei kallar det hybridventilasjon no. Med lufting gjennom vindauga i friminutta. Det hadde vore noko. Energi frå solcellepanel. Friskare ungdommar. Mindre hovudverk. Gladare. Meir opplagte.

Andre har gjort det før oss. Vi kan vise til Flesberg skole i Flesberg kommune. Der er elevtalet på ungdomsskulen 450. Dei tok i bruk sitt nye skulebygg hausten 2019. Vi kan gjere det noko mindre hos oss. Og det finst fleire døme. Kan hende kan vi gjere det enda betre hos oss. I vår kommune. I ei av dei 9 levande bygdene våre. I Vats.

Vi kan formeleg sjå for oss korleis lærarkreftene vil strøyme til. Det vil bli konkurranse om å få ha sitt daglege arbeid i eit slikt bygg. Med høve til å bli kjend med alle ungdommane i kommunen. Med moderne læringsressursar og styrka fagleg pedagogisk miljø. Tilrettelagt for samarbeid. Bassenget vil vera attraktivt både på dagtid og kveldstid. Det ville bli ein vinn-vinn situasjon for alle.

Motargumenta? Jo, dei finst nok. Men dei er ikkje skremmande og dei vektar mindre enn alt det positive. Lengre skuleveg for mange? For nokre. Antakeleg lengst veg for dei i Imsland. Men ikkje uoverkommeleg for ungdommane så lenge vi kan klare å organisere ein god skuleskyss. Dyrt? Ja, det kostar med nybygg. Men vi veit allereie at vi skal ha opp ein symjehall igjen. Vi ville nok kunne søke Enova og Klimasats om nokre millionar i tilskot. Vi ville vere meir attraktive for dei beste lærarressursane. Vi ville spare administrasjonsressursar. Vi vil få betre utnytting av pedagogisk personale, utstyr og materiell.

Konklusjonen vi håper på her er at den løysinga vi har skissert vil kunne gi eit betre og meir framtidsretta tilbod som er billegare i drift enn slik vi driv ungdomsskulane no. Eit tilbod som er så godt at våre ungdommar vil vere blant dei best rusta til å gå vidare i liva sine.

Kommunalt nivå for barnehage og skule

I vår kommune der vi har 9 bygder, treng vi eit kommunalt nivå for barnehage og skule som har oversikt over ressursar og innhald i verksemdene. Vi har kommunale barnehagar i 7 av bygdene våre og i tillegg kjem 3 private barnehagar.

Det kommunale nivået for barnehage og skule bør kunne vere eit sterkt senter som tilbyr pedagogisk rettleiing til barnehagane og skulane. Det treng ikkje vere mange personar, men det bør vere ein klar pedagogisk rettleiingsressurs som kan hjelpe barnehagane og skulane til å trekke i lag. Som kan sikra at vi har dei same årsplanane uansett kor i kommunen barnet eller ungdommen vår bur. Ekstra ressurs til dette arbeidet vil kunne takast frå noko av det ein sparar inn ved å slå saman ungdomsskulane. Det vil kunne styrke samhaldet både mellom barn/elevar og pedagogane/dei vaksne dersom det er den same planen for eit nivå uansett kor i kommunen ein er. Med eit kommunalt nivå som rettleier og inspirerer vil ein kunne legge like årsplanar for kvart årssteg i kommunen. Det skal vera rom for lokale tilpassingar men desse kan ein diskutera seg fram til og vera orienterte om.

Dei private barnehagane har sitt eige styre. Men dei arbeider etter den same rammeplanen som dei kommunale barnehagane og slik sett er eit godt samarbeid mogeleg også her.

Det er no vi bør tenka nytt. Samla inn korta og dela dei ut på nytt. I kommunen vår der særpreget vårt er 9 levande bygder.

Vi ønskjer politikarane og kommunenivået lukke til med arbeidet med barnehage- og skulebruksplanen!

Elin Arianson og Nils Terje Oma
Utbjoa