Politiet skreiv ut ni forenkla førelegg under ein fartskontroll i Isvik torsdag ettermiddag. Sør-Vest politidistrikt melder at høgaste fart blei målt til 78 km/t i 60-sona. Denne gongen var det ikkje E134, men fylkesvegen til Vikebygd som politiet konsentrerte seg om. Kontrollen varte frå kl 15.30 til 17.30.