Eg er så heldig som får begynne eit nytt år og tiår som medlem og tilsett i Den Norske Turistforening. I DNT har 2019 vore inkluderingsåret både nasjonalt og lokalt. I 2020 skal vi jobbe vidare med å lage plass til absolutt alle i vårt enkle og naturvennlege friluftsliv, samtidig som vi set ekstra fokus på berekraft. Noko det er gledeleg å merke at vi er absolutt ikkje aleine om.
Men når eg tenker på berekraft på veg inn i det nye året, tenker eg også mest på folk. I alle sine former utfordrar berekraft oss til å legge til rette for utvikling som møter dagens behov utan å øydelegge muligheitene for at komande generasjonar skal få dekka sine. Som med inkludering, er berekraft heilt avhengig av respekt for folk. Det vi får til saman er heilt avhengig av folk sjølv og den måten vi legg til rette for folk.
Per i dag har vi over 7.000 medlemmer. Vi har over 200 frivillige tillitsvalte som, saman med mange fleire, leverer over 11.000 dugnadstimer årleg, og fem tilsette som legg til rette for frivilligheita. Mange folk betyr mange muligheiter, men også stort ansvar.
når eg tenker på berekraft på veg inn i det nye året, tenker eg også mest på folk
Blant turgåarar, medlemmer, frivillige og tilsette har vi nybakte foreldre som har ikkje har klart å komme seg ut av huset etter babyen kom til verda, men vurderer å melde seg på sin første trilletur med trillegruppa; vi har tidlegare aktive, men nå nyopererte turentusiastar som kan ikkje ta dei største toppane akkurat nå, men som kanskje klarer å gå ein godt merka tur i nærmiljøet; vi har ivrige dugnadsfolk som ønskjer nye utfordringar etter å ha bidratt på ei av hyttene våre i Etnefjella dei siste 10 åra; vi har nye landsmenn som opplever mykje nytt og annleis i Noreg, men som kjenner seg godt igjen i naturen; vi har ungdomane som er ferdige med sommarturleiar-opplæring og lurer på om dei skal våge å leie sin første tur i DNT; vi har barnefamiliar som berre får alle ungane med ut på tur i nærmiljø dersom dei veit at maskoten Turbo stiller og eldsjelene i Barnas Turlag tar i mot dei med eit smil.
Deltaking er stor, folk er forskjellige og breidda av arbeidet er enormt. Det finst ikkje nødvendigvis prosessar som klarer å «straumlinjeforme» dette arbeidet, samtidig som vi verkeleg får sjå dei behova, og dei muligheiter, som eksisterer. Dette arbeidet krev rett og slett at vi av og til set effektivisering til side og aksepterer at for å skape mest mulig verdig naturopplevingar for folk må vi jobbe og prioritere på ein annan måte. Effektivisere rekneskapen, ja, men bruke tida spart til å skape muligheiter for folk.
Som ein ideell organisasjon har vi meir spelerom enn dei alle fleste organisasjonar til å jobbe på denne måten, samtidig som eg tenker vi er mange organisasjonar som kan bidra til berekraftig verdiskaping med å flytte enda litt meir fokus over på og investere i våre folk. Det er også utruleg givande å jobbe med og gledeleg å oppleve at både offentlege instansar og våre samarbeidspartnarar forstår og vil støtte dette arbeidet.
I tillegg til å rapportere om hytteovernattingar, deltakartal og gjere klar budsjett, skal vi sjå på og snakke med dei namna som står ved sida av dei tusenvis av dugnadstimar som er registrerte. Vi skal bruke tid på dei, for når folk har det bra, har dei meir å gi. Ved å satse på folk forpliktar vi oss til mål som ikkje er lette å nå med tal, men det er også her basis for berekraft finst.
Og kanskje vi må setje enda meir fokus på «kvifor vi gjer noko» og ikkje berre «kva vi gjer». Når vi bygger ei hytte, skaper vi ein aktivitetsarena og ein samlingsstad. Når vi inviterer til dugnad, bekjempar vi einsemd. Når vi tilbyr eit kurs, gir vi nokon friheit til å ta familien sin med på ein trygg tur på eiga hand. Vi få kanskje aldri registrere kor den familien har gått. Dei er kanskje ikkje medlemmer ein gong. Men dei skal gå, dei skal forbetre helsa si, dei skal få kvalitetstid saman, dei skal forhåpentlegvis skape eit forhold til naturen som gjer at dei vil passe på det.
Alt dette tar tid, men tida har vi. Vi får heile 366 dagar i året som nå kjem og alle dei dagar, timar og minuttar vi investerer i kvarandre, blir ikkje bortkasta. Det er her verdien blir bygt og berekraft sikra.
Godt nytt turår til alle saman. Ta vare på kvarandre!
Lauren McPherson Simonsen
dagleg leiar i Haugesund Turistforening