Laurdag ettermiddag melder operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt om svært glatte vegbanar i heile politidistriktet. I løpet av dagen hadde politiet fått inn meldingar frå sør i Rogaland til Haugalandet og Sunnhordland frå bilistar som melder om svært glatte køyreforhold.
Dei som ferdast ute med bil, blir derfor oppmoda om å køyra varsamt og etter forholda.
I følgje Meteorologisk institutt vil temperaturen stiga utover natt til søndag, og deretter vil det koma mykje nedbør dei to neste dagane. Temperaturen vil liggja på seks – sju grader, og det første gløttet av sol er ikkje ventande før onsdag.