Assisterande butikksjef i Extra Etne, Elin Frøkedal, kan sjå tilbake på eit år med god vekst.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Assisterande butikksjef i Extra Etne, Elin Frøkedal, kan sjå tilbake på eit år med god vekst.
Regiondirektør Trygve Vikse i Coop Sørvest.
Regiondirektør Trygve Vikse i Coop Sørvest.

Styrkar stillinga i tøff marknad

Extra har hatt ein stabil auke i Coop-kjeda sine butikkar på det indre Haugalandet dei siste åra, og i 2019 toppa Extra Etne årsstatistikken med 73 millionar i omsetning.

Publisert Sist oppdatert

— Me har hatt fantastisk flott utvikling dei siste åra i Etne og Vindafjord, og på dei tre butikkane i Etne, Ølen og Knapphus låg omsetnaden på til saman 179 millionar. Det er ein auke på 10 prosent frå året før, seier regiondirektør i Coop, Trygve Vikse som kan sjå tilbake på eit år med handelsauke for alle dei tre butikkane.

Extra Etne omsette for 73 millionar kroner og kan dermed visa til ein auke på 6 prosent frå året før. Tal for Extra Ølen viser 71 millionar i omsetnad, opp 1 prosent, medan Extra Knapphus som har vore i kjeda eit drygt år, hadde ein omsetnad på 35 millionar det første heile driftsåret. Det er ein auke på 50 prosent. Alle tal er utan meirverdiavgift. Samanlikna med marknaden i daglegvarebransjen elles ligg dei tre lokale Extra butikkane høgt oppe på prosentvis omsetnadsvekst.

— Marknaden generelt hadde ein vekst på rundt 1 prosent i 2019. Det var året med dårlegast marknadsvekst. Extra er vekstvinnar i Noreg i daglegvarebransjen og har tatt store marknadsdelar, seier Vikse.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS