Politiet etterlyser ein Mercedes som er observert i Isvik.
Foto: Privat
Politiet etterlyser ein Mercedes som er observert i Isvik. Foto: PrivatBilde 1 av 2
GPS-utstyr frå Vats Anlegg sine maskiner forsvann i føremiddag.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
GPS-utstyr frå Vats Anlegg sine maskiner forsvann i føremiddag. Arkivfoto: Jon EdvardsenBilde 2 av 2

Politiet ber folk om tips etter grovt tjuveri

I føremiddag blei det meldt om innbrot på anleggsmaskinar i Sandeid og Skjold. GPS-utstyr for rundt 400.000 kroner forsvann frå maskinar tilhøyrande Vats Anlegg som stod i Sandeid, og ved Nordtveit Maskin sine køyretøy som var under arbeid mellom Isvik og Vikebygd forsvann GPS-utstyr frå 3 maskinar. Vats Anlegg opplevde liknande tjuveri for rundt ein månad sidan, og nå ber politiet folk melda frå om dei har sett noko som kan knytast til tjuveriet. Ein mørk Mercedes Sprinter med utanlandsk registreringsnummer GUHM19 er observert i Isvik og lensmann Ingvar Gjærde ber eigaren av bilen ta kontakt med politiet. — Me er interessert i å snakka med eigaren, seier han og ber folk vera på vakt.— Om folk har sett eller observert noko må dei ta kontakt, seier han.