Carina Hornenes kan sjå tilbake på to gode møte rundt rusproblematikken, saman med med elevar i både vidaregåande skular og ungdomsskular. I tillegg har to folkemøte på kveldstid trekt mykje folk. Full sal i Sjøperlo i Ølen, og godt besøkt - men ikkje heilt full kinosal på Skakke i Etne.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
10 Kjappe
Har bodskap til både foreldre og ungdom
SLT-koordinator Carina Hornenes kan sjå tilbake på to dagar med folkemøte og skulemøte for ungdom. Tema har vore ungdom og rus, og responsen har vore svært sterk
— Eg høyrde Arne og Mona Bratland si forteljing fem gonger, og alle gongene rann tårene i strie straumar. Historia om korleis dei mista sonen sin Haakon i MDMA-overdose gjorde sterkt inntrykk på alle som høyrte på, og denne tematikken er svært viktig, seier Hornenes.
Oppmøta viser at folk i Etne og Vindafjord er engasjerte i ungdommane sine oppvekstvilkår. Tal frå Ung data-undersøkinga viser at ei lita negativ utvikling for ungdommane våre, og Hornenes er generelt uroa over at det er så mange unge som slit psykisk, og talet aukar år for år. Samtidig uroar ho seg også over bruken på sosiale media, og kor uvitande ein er om kor stor påverknadskraft som er på nettet. Ungdommane får ofte eit bilete som ikkje stemmer heilt overeins med verkelegheita.
— Kva er di sterkaste side?