Bustadfeltet i Trovåg har flest hus i dag i krinsen med 20 hus, og feltet er utvida mot nord med 17 nye tomter. Over halvparten er selde. Feltet er sentralt i krinsen som vil melde overgang frå Vikebygd til Skjold. 
FOTO: KALSTVEIT & VIK
Tre tinglysing gjeld Trovåg-feltet i Vikebygd, knytt til gnr 338, bnr 78. ARKIVFOTO: KALSTVEIT & VIK

Detta blir for dumt!

Eg har budd her i Vikebygd sida eg var rundt 3 år, og det er her som er heime. Når ein del av Vikebygd vil ut av Vikebygd føler eg at det er ein del av meg som blir vekke. Eg synest det blir for dumt at me som bur i sentrum skal gi frå oss Trovågfeltet for nokre skjoldabuar. Det er dei som har flytta til oss og nå vil dei ta Trovågfeltet frå oss. Eg tenker at viss dei verkeleg vil vere ein del av Skjold, så får dei heller flytte der til. Me skal kunne sleppe å gi frå oss ein del av Vikebygd for at dei få som bur der vil vere ein del av Skjold.

Dokke ute i Trovågfeltet vil kanskje seie «kvifor ikkje berre la oss gå», og det kan dokke godt seie, men me vikebuar er glade i heile Vikebygd og vil ta vare på alt og alle. Det er grunnen til at me ikkje vil gi frå oss Trovågfeltet. Det er ein del av Vikebygd som gjer at det på ein måte blir ein del av oss også. Me er ei engasjert bygd med mykje aktivitet og stemning. Me har rett og slett eit godt bygdeliv.

Som ungdom i bygda tenker eg at dette er ei ganske «teit» sak i mine ord, og mange av dokke tenker nok at me ungdomar berre sit bak kvar vår skjerm, men så fort noko skjer her i bygda er me raskt engasjerte. Ungdomane her i bygda har eit sterkt forhold til fellesskapet i bygda og også sjølve bygda. Eg kan trygt seie at bygda blir første prioritert når det kjem til politikk som kan gjere at bygda blir negativt påverka.

Eg har i mange år hatt familie i Bjordal, og når eg fekk høyre at det var ein moglegheit for at den nye grensa kanskje skulle gå gjennom halve Bjordal, kjende eg at det stakk. Det er ein del av meg som fortssatt er der oppe, og det vil det alltid vere. Men når dokke legge til rette for at skjoldabuen skal få det også blir eg, og fleire, ganske hissige.

Bestefaren min jobba der oppe i mange år og drifta garden. Der oppe der grensa skal gå er det ein kulp. Den har bestefaren min laga. Viss grensa skal gå gjennom den, vil den ikkje lenger høyre til Vikebygd. Hadde bestefar fortssatt levd, ville han nok vore skuffa dersom eg ikkje hadde prøvd å forhindre dette, og det er det eg prøvar på nå. Eg håpar med heile mitt hjarte at dette kan vere med på å gjere kommunen klar over at Trovågfeltet ikkje berre er ein del av Vikebygd. At dette påverkar, ikkje berre vikebuen, men også meg og heile mi slekt.

Mira Emilie Bjordal (15)
Vikebygd

Alt eller ingen ting

Det er mykje storm rundt Trovågfeltet for tida og eg undrar på om alle snakkar sant? 

I Haugesunds avis 31.01 står det at 18 av 20 husstandar er for å flytte til Skjold, medan eg har høyrd frå 3 personar at dei stemde blankt!? Kan hende tala stemmer, matte var liksom aldri mi greie.

Ein toar ikkje henda reine med å stemme blankt, så slik sett er kanskje fleirtalet uendra. 

Rett nok har Kalstveit & Vik vore vel oppfinnsame med marknadsføringa av Trovågfeltet, men eg trur fleirparten hadde ei aning om kva bygd dei sette opp hus i.

Og no angrar nokon på heile greia og vil flytte. 

Kjære Trovåg velforening, eg kjenner fleire på feltet som er engasjerte i Vikebygd sjølv om de ikkje kjøper den påstanden, eg reknar alle på Trovågsfeltet for vikebuar sjølv om nokre av dei soknar litt annleis enn meg. At styreleiaren ikkje er blitt kontakta for å bli med i grendeutvalet heng kanskje saman med at han bur i Stavanger? 

Kven som er skyld i at nokon ikkje føler seg inkludert i den eine eller den andre bygda, kan eg ikkje konkludere med, men eg kan tilby ei fredspipe (eg har både pipe og noko gamal tobakk).

Geografien tilseier at me bør tilstrebe grannefred uansett kvar grensa endar. 

Kjære politikarar, ta alt eller ingenting! Anten må grensa forbli ellers må ho flyttast heilt til Tordalen, ikkje skil meg frå mi heimbygd den eine eller andre vegen.

Håvard Tveit
Vikebygd