Kaffi og pannekaker på Sjoardagen hos husflidslaget i fjor. Frå venstre: Ingunn Lothe, Synnøve Opstvedt, Vigdis Østerås, Signe Buajorde og Målfrid Arnestad.
Foto: Privat
Kaffi og pannekaker på Sjoardagen hos husflidslaget i fjor. Frå venstre: Ingunn Lothe, Synnøve Opstvedt, Vigdis Østerås, Signe Buajorde og Målfrid Arnestad. Foto: Privat

Aktivt lag gler seg til jubileum

Årsmøtet i Ølen Husflidslag var torsdag 6.februar i lokalet me leiger i Sjoargata. Langbordet var dekka til 18 medlemmer, 15 som møtte. Kreative og matglade som me er, hadde me laga maten sjølve. Det blei eit imponerande bord med all verdas godsaker.

Lagleiar ønskte velkommen og las så opp årsmeldinga som vart godtatt. Ho orienterte så om stoda slik den vart nå; lagleiar Vigdis Østerås i mange år, hadde no bede om avløysing p.g.a. helseproblem. Det fekk ho full forståing for. Me har jo lenge sett at ho har slite med «å halda koken» som før, men som ei ekta trønderjente gav ho gass og heldt humøret og kreativiteten oppe tross sjukdom. Me er alle sers takksame for alt arbeid og all inspirasjon ho har bidratt med i årevis.

Så er me så heldige at nestleiar Bjørg Augestad tok på seg å leia laget vidare, det gjer ho med stø hand og held også kontroll på økonomien. Slik ser styret ut etter valet: Synnøve Opstvedt, Johanna Opheim Evensen, Solfrid Fjelland, Kari Anne Furseth, Vigdis B. Østerås og Bjørg Augestad.

Me har møte torsdag annakvar veke. Dei andre torsdagane har me «kreative» kveldar, der alle som har lyst kan komma med eller utan handarbeid. Høve til å kjøpa kaffi/te med noko attåt samt ei lita utlodding er det også. Dette har vore sers kjekt for dei som vil ha ei triveleg stund utan forpliktelsar.

I lokala me leiger har me alle møte og samkomer. Der har me mange fine husflidsprodukt for sal; puter og pledd, strikka genserar til born og vaksne, luer, vottar, pulsvarmarar, sjerf og ikkje minst tova tøflar og sokkar til liten og stor. Strikka og hekla bamsar, dokker og andre ting.

Når det er «dagar» i Sjoargata har me ope så folk kan komma og sjå og handla, då luktar det godt av nysteikte vaflar eller pannekaker, kaffi og te.

Kvart år har me utlodding med trekking oppunder jul. Då har me også julebutikk med mange gilde julegåver. Til neste år har me 40 års jubileum, det vil me markera. Me er ikkje lite stolt over å ha med to av dei som var med og starta Ølen Husflidslag i 1981. Dei er framleis aktive i laget; Synnøve Opstvedt er i styret, og Gerd Vaka er solid medarbeidar. Saman med Johannes Vaka har dei brukt mykje tid og ressursar og krefter på ymse arbeid for laget. Snikkering, maling og reinhald inne og ute er noko dei gjer i all stillheit.

Andre «husflidskarar» har også gjort mykje for laget i åras løp.

Til slutt vil me få retta ei stor og varm takk til bygdefolket og andre som er gilde og tek lodd når me sit på Senteret før jul. Då er dei med å halda liv i Ølen Husflidslag, det set me stor pris på! Forset med det!

Vigdis Vilandg
gamal «husflidar»