Atle Berge og Ølen Betong tapte rettssaka mot staten, men gir truleg ikkje opp.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Betonggründer Atle Berge har kjempa ei lang sak mot staten etter at han blei forsøkt verva av e-tenesta. Arkivfoto

Tapte mot staten

Staten er frikjent i søksmålet frå Ølen Betong.

 

Oslo tingrett har tysdag avsagt sin dom etter at Atle Berge på vegner av Ølen Betong saksøkte staten, med krav om oppreising og ca. 136 millionar kroner i erstatning. Bedrifta i Vindafjord gjekk til sak mot den norske staten med påstand om vervingsforsøk frå norsk etterretning.

Oslo tingrett meiner derimot at E-tenesta og PST ikkje har opptredd klanderverdig i sin kontakt med tilsette i Ølen Betong, som har dotterselskap og fabrikk i Murmansk.

I ein kort kommentar til NRK skriv styreleiar i Ølen Betong-gruppen, Atle Berge, at han ennå ikkje har lese dommen, men han reknar med at dei vil anka.

— Det er også kome til nye forhold, skriv han, utan å utdjupa kva dette inneber.

I retten hevda Ølen Betong at russisk etterretning skal ha avslørt vervingsforsøk frå norsk etterretning, og at dette fekk store konsekvensar for bedrifta. I intervju med Grannar tidlegare har Atle Berge fortalt at både han og hans tilsette, Knut Stø, blei arrestert av russisk etterretning og gjennomgjekk brutale avhøyr.

Resultatet var at begge blei utvist frå Russland i ti år. Berge hevdar at kontakten med norsk etterretning har ført til at bedrifta mista ein milliard-kontrakt.

I dommen heiter det:

«1. Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet frifinnes.

2. Ølen Betong Gruppen AS og Ølen Betong LLC, som solidarisk ansvarlige, betaler sakskostnader med 551 000 kroner til Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet innen 2 uker fra forkynning av dom».

Ølen Betong sin advokat, Per M. Risnes har denne førebelse kommentaren:

— Ølen Betong Gruppen AS og Ølen Betong LLC registrerer at Oslo tingrett har valt ikkje å halda staten ansvarleg for dei økonomiske tapa som våre klientar meiner oppstod på grunn av opptredenen frå PST og E-tenesta. Saman med våre klientar vil me nå vurdera om dommen skal ankast.

 

 

 

Per M. Ristvedt