Vikedal ei av bygdene som kommunen håpar kan få auka tilflytting og folketal gjennom eit marknadsførings- og attraktivitetsprosjekt. 
Foto: Jan Martin Grindheim
Søket etter den sakna mannen blir onsdag utvida frå land til også å omfatta Vikedalselva og fjorden. Arkivfoto: Jan Martin Grindheim

Utvidar søket til sjø og elv

Søket etter den sakna mannen i Vikedal held fram. Politiet hadde torsdag morgon ingen spor etter 92-åringen som blei meldt sakne i to-tida dagen før.

Operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt opplyser til Grannar at søket held fram på land, samstundes som det er bestemt å utvida det til sjø og elv etter antatt omkomen person.

— Me har ikkje mottatt nye vitneobservasjonar i saka, seier Fenne-Jensen.

Siste observasjon av mannen var rundt kl. 19.00 tysdag kveld. Etter ei bekymringsmelding frå heimesjukepleia rundt kl. 14.00 dagen etter, blei det sett i gang ein større leiteaksjon. Politi, mannskap frå Røde Kors og frivillige deltok i søket ut over ettermiddagen og kvelden. Også eit Sea King redningshelikopter var sett inn i søket onsdag kveld.

Mannen som budde heime, blei sist sett rundt Bisperhuset, som ligg ved Movegen, ikkje langt frå Vikedal sentrum. Han var då iført mørk jakke og bukse, og hadde ein heimelaga stokk, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Politiet ber publikum som har opplysningar om mannen om å ringja 02800.