Her går dei to personane laus på den parkerte bilen.
Foto: Kaldheims Bildeler
Her går dei to personane laus på den parkerte bilen. Foto: Kaldheims BildelerBilde 1 av 3
Ein person sjekkar bilen og opnar til slutt bakdøra før han gir klarsignal om å setja i gang.
Ein person sjekkar bilen og opnar til slutt bakdøra før han gir klarsignal om å setja i gang.Bilde 2 av 3
Dei to gjerningsmennene gjer seg klar før dei hoppar opp på panseret og startar hærverket.
Dei to gjerningsmennene gjer seg klar før dei hoppar opp på panseret og startar hærverket.Bilde 3 av 3

Gjekk laus på bil med øks

Dei blei filma og kan ikkje venta å sleppa unna det svært uvanlege hærverket ved Kaldheims Bildeler AS i Sandeid i helga.

Ved hjelp av øks og spark gjekk to menn laus på ein parkert bil ved Kaldheims Bildeler i 04-tida natt til laurdag. Bilen, ein kvit Peugeot Partner av eldre modell, hadde fått ein kraftig medfart då oppdraget var utført.

Politiet er godt i gang med etterforskinga, men hadde måndag føremiddag ikkje løyst saka.

Hendinga blei om ettermiddagen dagen etter lagt ut på bedrifta si Facebook-side og responsen var enorm. Måndag føremiddag hadde over 10.000 sett saka, som også var delt heile 925 gonger. Eit videokamera fanga hendinga på Steinsland næringspark mellom Sandeid og Ølen og viser det heile.

Levert kvelden før

Filmen viser ein bil som kjem til verkstaden og parkerer. Ut kjem ein person, som kikkar ned for unngå at ansiktet blir filma. Han tar ein runde rundt Peugeot-en før han set seg inn i bilen igjen. Deretter kjem to andre ut, den eine med øks og den andre med lommelykt, og går straks laus på bilen.

Dagleg leiar Leiv Magne Larsen ved Kaldheim bildeler fortel til Grannar at han har opplevd hærverk tidlegare, men aldri som dette.

— Det er gode spor ettersom hendinga blei filma, og me reknar med at politiet finn fram til gjerningsmennene, seier han.

Larsen fortel at bilen blei levert frå Kvinnherad som delebil, og blei parkert fredag kveld. I tråd med rutinane blei den plassert slik at den var godt fanga inn av videokameraet.

Interessert i tips

Politiet hadde i løpet av helga to patruljar på staden og har sikra ein del spor, i tillegg til foto og video av hendinga. Konstituert lensmann i Vindafjord og Etne, Arild Austrheim opplyser til Grannar at dei tar saka på alvor sjølv om det ikkje er snakk om store verdiar.

— Me har fått inn eit par tips og har tru på å løysa denne saka, seier Austrheim som karakteriserer dette som ei spesiell hending.

Politiet er ikkje kjent med liknande hærverk i distriktet og har førebels inga formeining om kva motiv som ligg bak eit slikt hærverk.

— Er det folk som har sett noko eller som har informasjon om saka, er me svært interessert i slike opplysningar, seier lensmanen.