Havbruk er viktig for å få produsert nok mat, skriv innsendaren bak dette innlegget. Illustrasjonsfoto: Mowi
Havbruk er viktig for å få produsert nok mat, skriv innsendaren bak dette innlegget. Illustrasjonsfoto: Mowi

Havbruk ein viktig del av vår matberedskap!

OPE FORUM: Som følgje av koronaviruset har samfunnet endra seg over natta. Norske myndigheiter har sett i verk dei mest omfattande tiltak i fredstid for å hindra spreiing av viruset. Det som før har vore sjølvsagt er ikkje det lenger. Det viktigaste må prioriterast. Liv, helse og mattilgang.

Som tilsett i havbruksnæringa kjenner me også på denne endringa.

Frå å arbeida i ei næring der den offentlege debatten i stor grad handlar om lus, rømming, antibiotikabruk, eller det negative med å sjå eit oppdrettsanlegg. Sjølv om næringa kvar dag gjer det me kan for å redusera miljøavtrykket, og det faktum at norsk oppdrettsnæring er kåra til verdas mest miljøvenlege matprodusent, kjenner eg kollega som kvir seg for å fortelja kva ein arbeidar med, ein kveld ute på byen.

Til at ein i denne krevjande situasjonen vert løfta fram av myndigheitene som tilsette i ein samfunnskritisk funksjon som skal syta for at folk har mat. Ja, me er fleire som i desse dagar rettar ryggen litt ekstra. Berre min arbeidsplass produserer 500.000 laksemåltid kvar dag. Per 1.01.20 stod det ca. 800.000 tonn fisk i merdar langs norskekysten, matlager for eit halvt år. Me har ei viktig rolle, havbruk er ein viktig del av Nnrsk matberedskap!

Sett i ljos av både erfaringane frå koronasituasjonen, og at me ifg. FN vert 9,8 mrd menneske i 2050 som skal ha mat, må matforsyning frå både jord og fjord få ei endå tydelegare prioritering framover. Mat er trass alt eit primærbehov!

Sigrid Brattabø Handegard
Bremnes Seashore