Koronaviruset spreier seg til stadig nye delar av landet. 
Illustrasjon: Folkehelseinsituttet

Husstand sett i heimekarantene i Etne

— Husstanden oppfyller kravet frå Folkehelseinstituttet som seier når ein blir sett i karantene. Me ventar svar etter to til tre dagar, seier kommuneoverlege Elisabeth Gunleiksrud og ber folk om å ikkje uroa seg for smitte.

— Dette er ein mild sjukdom, så folk må ikkje engsta seg, seier ho.

Skuleelev

Onsdag føremiddag gjekk det ut melding til foreldre i éin klasse ved Enge skule med informasjon om at ein elev i denne klassen er sett i heimekarantene. Eleven tilhøyrer husstanden som er pålagt karantene, og eleven vil bli heime frå skulen inntil karantenen er oppheva.

Frisk

Mannen frå Vindafjord som måndag blei testa for koronavirus, er i dag friskmeldt og karantene oppheva.

Artikkelen er justert torsdag kl 08.30 med presisering av at det er foreldre i éin klasse som har fått meldinga om heimekarantene for den eine eleven.