Terje Kleiven er kommuneoverlege i Vindafjord.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Kommuneoverlege Terje i Vindafjord kommune håpar alle som får beskjed vil la seg vaksinere. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Låge og stabile smittetal

Talet på bekrefta smitta i Etne og Vindafjord held seg stabilt, og det er ikkje bekrefta lokal smitte internt i dei to kommunane.

Torsdag var seks personar bekrefta smitta i Vindafjord kommune, og fire i Etne kommune. Det er inga endring frå tirsdag. Ingen av smittetilfella kan knytast opp mot smitte lokalt innad i kommunane, og for kommuneoverlegane i dei to kommunane er dette svært godt nytt.

— Smittetalet i Vindafjord er lågt, men kurva er slakt stigande. Førebels har me ingen som er smitta lokalt i kommunen og me meiner å ha god kontroll på situasjonen. Men mørketala har me ingen kontroll på. Me trur og håpar å følgja den kurva me har, men statistisk sett viser det seg at det vil koma fleire smitta, seier kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord kommune.

Heller ikkje i Helse Fonna har det dei siste to døgna vore endring i talet på pasientar som er innlagde med koronasmitte ved deira sjukehus. Det er til saman snakk om ni pasientar, kor to får intensiv behandling. Åtte av pasientane er innlagde ved Haugesund sjukehus og éin ved Odda sjukehus.

Knytt til konferanse

Fire av smittetilfella i Vindafjord  er  knytt til Haugalandskonferansen som gjekk av stabelen fredag 6. mars, éin til opphald i utlandet og éin til ein konferanse i ein annan kommune. Alle dei smitta er under 60 år og nokre har vore eller er innlagt på sjukehus som følgje av sjukdomen. Personar som blir bekrefta smitta blir nøye sjekka med tanke på smittespreiing og folk som har vore i kontakt med smitta blir varsla.

— Me set inn store ressursar på dei som er positivt testa for å nøsta opp smittevegen, seier Kleiven.

Han håpar tiltaka som nå er sett i verk frå styresmaktene vil ha effekt.

— Det ser ut som smittetiltaka har nytteverdi, men eg tenkjer at nokre av tiltaka må halda fram til mai, seier kommuneoverlegen i Vindafjord.

Me meiner å ha god kontroll på situasjonen
Terje Kleiven, kommuneoverlege

Viktige tiltak

I Etne kommune var det torsdag registrert fire bekrefta smitta, alle med tilknyting til Haugalandskonferansen. Ingen av dei smitta er blitt alvorleg sjuke eller har enda opp på sjukehuset.

— Førebels er situasjonen stabil. Det er ikkje auke på smitta eller folk i karantene, men me veit ikkje om det er skjult smitte, seier kommuneoverlege Elisabeth Gunleiksrud.

Også ho er positiv til tiltaka som er innført og understrekar kor viktig det er at folk held seg mest mogeleg heime i desse dagar.

— Me har ein lågare spreiingsfaktor enn elles i landet og det er veldig viktig å oppretthalda tiltaka. Dette kan råka kven som helst, så det er viktig at folk følgjer råda, seier Gunleiksrud og opplever at folk i kommunen held seg til retningslinjer som blir gitt.

— Folk forstår alvoret, seier kommuneoverlegen.

God beredskap

Begge kommunane står godt rusta til å ta seg av koronapasientane. Alle prøvar som blir tatt av personar ein mistenker kan vera smitta, blir sendt til eit privat laboratorium i Oslo, og svar kjem allereie dagen etter. Lageret av smittevernutstyr er godt og dagens lager skal halda til ny forsyning er på plass.

— Me har utstyr i bestilling frå ulike aktørar og me har nok på lager til to veker. Sjukeheimane har enda meir å gå på, seier Kleiven.

I den nyoppretta felles smitteavdelinga i det gamle omsorgssenteret i Etne er det meste på stell. Personalet er på plass og kommuneoverlegen i Etne står klar til å ta seg av mulige pasientar.

— Me er godt rusta for dei som vil ha behov for dette tilbodet, seier Kleiven og håpar tiltaket kan halda sjukeheimane frie for smitte.

Alle må trø til

Hyppig vask av hender, gode hosterutinar, god avstand mellom folk og minst mogeleg reiseaktivitet er viktige og enkle grep som er med på å bekjempa pandemien. Verken Etne eller Vindafjord har vore inne på tanken om å sperra grensene, men hyttefolk som kjem frå andre kommunar, skal halda seg heime.

Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim seier det uaktuelt å stengje kommunegrensene slik nokre har gjort.

— Me har mange som pendlar og det vil bli eit stort ansvar å stengja ned næringslivet, seier  Ekrheim og håpar hyttefolket vil halda seg til rådet om å halda seg heime.

— Kommunen har ikkje kapasitet til å sjekka hyttene, men me må stola på at folk respekterer forbodet. Me har heller ikkje kapasitet på legevakta, så dei får halda seg heime, seier ho og ber folk følgja alle reglane som til ei kvar tid blir tilrådd.

— Å avgrensa smitte er viktig nå, seier ho.