istetopp for Senterpartiet til kommunevalet, Ole Johan Vierdal. Foto: Jon Edvardsen
Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord er pålagt karantene etter at han deltok på Haugalandskonferansen Arkivfoto: Jon Edvardsen

Ordførar og 500 andre må i karantene

Alle dei om lag 500 personane som deltok på Haugalandskonferansen i Haugesund sist fredag må i karantene fordi dei kan ha vore eksponert for koronaviruset. Deriblant Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

Ei rekke leiarar frå næringsliv og det offentlege frå heile Haugalandet deltok på Haugalandskonferansen på hotel Scandic Maritim i Haugesnd fredag 5. mars. No må alle dei gå i karantene ut neste veke, melder Haugesunds Avis.

Eg deltok fram til lunsj, og det kan jo vere nok
Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp)

Årsaka er at dei fleste som har merka symptom på koronavirus i Haugesund, deltok på den store konferansen. Det er frå før kjend at éin av deltakarane der har fått påvist koronavirus i etterkant av konferansen.

Heimekontor ei veke

Grannar snakka med Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal ved 12.30-tida fredag. Då var han heime, og der blir han verande ut neste veke.

— Eg deltok fram til lunsj, og det kan jo vere nok, seier han på telefon frå sitt heimekontor.

Ordføraren var den einaste deltakaren frå politisk hald i Vindafjord.

— Heldigvis, for å seie det slik, var rådmannen og fleire frå hans stab på reise i Trondheim, så dei deltok ikkje på Haugalandskonferansen, fortel han.

Vierdal presiserer at han fredag ikkje kjende teikn på sjukdom, men er viss på at inkubasjonstida for koronaviruset kan vere opp mot 10 dagar.

Han trur ikkje det skal by på store problem å jobbe frå heimekontor, og viser til at mykje av samfunnet har stoppa opp.

— Som ordførar er eg jo frå før vant med å jobbe over telefon og ifrå bil, seier han.

Telefon- og internett-møter

Alle politiske møte i Vindafjord er frå før avlyst, og er det spesielle saker, til dømes formannskapet må drøfte, så vil det kunne skje per e-post eller web-møte.

— Kva tenkjer du om at Haugalandskonferansen vart gjennomført i det heile, det var jo mykje som tyda på eit smitteutbrot kunne vere nært føreståande?

— Det er jo lett å vere å etterpåklok, så mykje meir er det ikkje å seie om det. Personleg gjorde nokre tankar til og frå før eg reiste dit, men landa på at det nok var trygt. Ein må jo basere seg på informasjonen ein har der og då. No viser det seg at det var ikkje var trygt, og slik er det berre, seier han.

Fleire frå Grannar-distriktet

Til saman var det om lag 500 deltakarar på konferansen. Ut i frå påmeldingslista var fleire verksemder i Vindafjord representerte på konferansen. Leiar Bernt Jæger i Næringsforeningen Haugalandet, som arrangerte Haugalandskonferansen, fortel til Haugesunds Avis at det vil gå ut epost til alle som var på konferansen i samband med karantenevedtaket frå smittevernlegen i Haugesund.