Kommunelege Terje Kleiven opplyser at det no er sett i verk restriksjonar når det gjeld besøk på sjukeheimane i Vindafjord. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Person i karantene frå i dag av

Ein tilsett i helsevesenet er i karantene i Vindafjord fordi vedkomande var på eit fly i Europa der det er mistanke om smitte av koronavirus om bord.

Vedkomande arbeider i helsevesenet i ein annan kommune enn Vindafjord, og det vart tatt prøve av mannen i dag.

— Personen blir testa og det går to til tre dagar før vi få svar på prøven. Det blir gjort ut frå symptom han hadde og at det kan vere smittefare på grunn av reiseverksemd, seier kommunelege Terje Kleiven i Vindafjord.

Vedkomande kontakta helsevesenet etter at han kom heim frå reise. Ifølgje Stavanger Aftneblad var det mistanke om koronavirus på eit fly vindafjordingen reiste med.

Ifølgje Kleiven har dei kontakt med kommunen personen arbeider i.

Éin testa, ingen smitta

Koronaviruset er med det kome litt nærmare på Haugalandet der fleire er testa, men ikkje fastslått at nokon er smitta.

— Det er éin prøve og ingen er påvist smitta. Det er ikkje grunn til å bli meir bekymra enn før, og ingenting tyder på at det er smitte lokalt. Han har vore i kontakt med kollegaer, men så langt er det ikkje andre aktuelle, seier Kleiven.

Han meiner det ikkje er større risiko for smitte, ut over dei råda Folkehelseinstituttet gir. Tiilsette i alle delar av helsevesenet skal i karantene dersom det er ein risiko, blant anna etter å ha vore i land med smitte.

Legevakt på kveldstid

— Vi skal vere strenge og bruke skjønn i tillegg. I dag har vi bestemt at testing av personar som har symptom, skal skje på legevakta i Ølen på kveldstid for å ha eit betre kontrollsystem, opplyser kommunelegen.

I følgje Kleiven er det ei utfordring å handtere koronaviruset når det samstundes er ein influensasesong på topp, og mange forkjøla i barnehagar og skular i distriktet.

Han minner om at det på verdsbasis er få barn som er smitta av koronavirus.

Status på Folkehelseinstituttet sine nettsider er at 19 personar er smitta av viruset i Noreg.