Koronaviruset spreier seg til stadig nye delar av landet. 
Illustrasjon: Folkehelseinsituttet

Stabile smittetal i Etne og Vindafjord

I Vindafjord melder kommuneoverlage Terje Kleiven om 5 bekrefta smitta måndag og 6 i dag, og i Etne kommune har kommuneoverlege Elisabeth Gunleiksrud registrert 4 smitta både i dag og i går.

Før helga var talet på bekrefta smitta 3 personar i begge kommunane.

Auke på sjukehuset

Helse Fonna melder tysdag at dei har 9 innlagde pasientar med korona-smitte, det er ei auke på 3 pasientar frå måndag.

8 av pasientane er innlagde ved Haugesund sjukehus og éin pasient ved Odda sjukehus. Av desse to pasientar intensiv behandling. Den eine er i aldersgruppa 18-64 år, den andre er ein pasient over 65 år, opplys sjukehuset.

Tysdag hadde 124 av dei om lag 4.000 tilsette i Helse Fonna korona-reltatert fråver/karantene.