Statsminister Erna Solberg (H) gjorde tysdag ettermiddag greie for at alle tiltak mot koronasmitte held fram til over påske.
FOTO: Skjermdump frå NRK
Statsminister Erna Solberg (H) gjorde tysdag ettermiddag greie for at alle tiltak mot koronasmitte held fram til over påske. FOTO: Skjermdump frå NRK

Tiltaka held fram til over påske

Barnehagar, skular og universitet vil vere stengde til over påske. Også dei andre tiltaka, inkludert hytteforbodet, held fram like lenge.

Det opplyste statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

Vil ha ned spreiingstal

Målet til myndigheitene er å få reproduksjonstalet til koronaviruset ned, altså talet på kor mange ein smitta person smittar vidare. I Noreg trur ein talet i dag er på 1,3 og myndigheitene håper å få dette ned til 1, og helst lågare.

Det er dette som ligg til grunn for at regjeringa held fast med at allereie innførte tiltak skal vare i alle fall fram til og med 13. april, altså to og ei halv veke framover.

Solberg opplyste at om ein ikkje lukkast med å redusere dagens reproduksjonstal på 1,3, så vil helsetenestane bli overbelasta og då vil ikkje alle sjuke i Noreg få den behandlinga dei treng.

— Det vil ikkje ramme berre dei som er sjuke med koronavirus, men også alle andre med alvorleg sjukdom, åtvara ho.

Samstundes var ho klar på at ein ikkje veit om det vil vere nok, sjølv om viruset sitt reproduksjonstal går ned til 1. Regjeringa intensiverer difor no arbeidet med å skaffe meir utstyr, som til dømes respiratorar, til norske sjukehus og med å trene opp tilsette som jobbar på andre avdelingar til å handtere utstyr til behandling av alvorleg sjuke.

— For dei vi er glade i

Statsministeren er klar på at dette betyr nye veker med sterke avgrensingar.

— Men me gjer dette for alle dei me er glade i, for at dei skal berge liva sine, sa statsministeren.

Me gjer dette for alle dei me er glade i, for at dei skal berge liva sine
Statsminister Erna Solberg (H)

Talet på nye smitta i Noreg har vore stabilt dei siste dagane, noko som gjer grunn til optimisme.

— Det kan vere eit teikn på at tiltaka virke. Men me veit det ikkje sikkert enno. Me håpar å kunne vite meir om det neste veke, sa statsministeren.

Ny vurdering 8. april

Regjeringa skal gjere nye vurderingar av tiltaka 8. april, slik at folk kan førebu seg på endringa som vil kunne tre i kraft dagen etter påsken.

— Forhåpentlegvis då med nokre oppmjukingar frå veka etter påske, men det veit me ikkje før me er der, presiserte Solberg.

Inntil vidare er framleis hovudbodskapen til det norske folk klart.

— Jo flinkare vi er til å vaske hendene og til å halde avstand til kvarandre, jo raskare kan med slå ned viruset, sa Solberg.

Hytteforbod

Også hytteforbodet held fram utan endringar. På spørsmål om ho hadde eit råd til alle som hadde planlagt å vere på hytta i påska, svarte statsministeren:

— Skaff dykkar nokre gode spel, og lat som om de er på hytta. Men bli heime!

Dette er nokre av tiltaka som held fram:

  • Har du nærkontakt med ein som er smitta, må du vere 14 dagar i isolasjon, og då halde deg heime i heile perioden.
  • Alle som kan bør ha heimekontor og unngå å reise kollektivt.
  • Hald minst 1 meter avstand til andre i det offentlege rom utandørs og 2 meter innandørs, og ein bør ikkje vere meir enn maksimalt 5 personar i ei gruppe. Desse råda gjeld ikkje for samvær med dei du bur i same husstand med.
  • Dei som må på jobb og ikkje kan ha heimekontor, skal halde minst to meter avstand til kollegaer.
  • Helsepersonell får ikkje lov til å reise til utlandet. Det gjeld ut april månad.
  • Alle kulturarrangement med publikum til stades og organisert idrett er forbode.
  • Du får ikkje overnatte på hytte utanfor din eigen heimkommune.