Skribenten føreslår gondolbane til i fjellet opp frå Vikedal.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Skribenten føreslår gondolbane til i fjellet opp frå Vikedal. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Vikedal som turistmagnet

Nå er det på tida at Vikedal tek eit steg vidare når det gjeld turismen, tykkjer eg. Her er jo tre campingplassar, men er dette nok? Det tykkjer ikkje eg.

Det har lenge nok lulla seg inn med dette utan å gå lengre med å få meir turisme til bygda. Eg har ein visjon om å få til ein gondolbane opp til Hestanipen eller til Lysenuten. I si tid var der jo bane opp til Lysenuten, men den blei lagt ned, den trengde oppgradering, og det hadde vel lete seg gjort å fått det til, så det var ein tabbe at den blei lagt ned.

Sjølv held eg ein knapp på Hestanipen, den tykkjer eg er meir spektakulær. Med ein bane opp der ville ein kunna lokka mange cruiseturistar til bygda trur eg, frå alle cruiseskipa som kjem inn til Haugesund. Med all den fine naturen som er her, ville det vera ein fin dagstur for dei. Det er nok mest eldre folk som reiser på cruise, så dei er nok ikkje fjellgeiter kan eg tenka meg. Men med ein bane opp der ville det vera ein fin tur for dei å koma seg til fjells på.

Etter turen opp der, kunne dei òg taka turen opp gjennom bygda heilt til Fjellgardane, for å sjå kor fint der er. Etter at dei kom tilbake, ville det sikkert smaka med litt mat. Her måtte ein kunna tilby lokal gourmetmat, på tre plassar nede i bygda. Då byrjar ein straks å prata om arbeidsplassar, som der ikkje er for mykje av i bygda.

Ein gondolbane kunna finansierast som eit aksjeselskap meiner eg. Med ikkje så høg pris på kvar aksje, då ville ein kunna få med seg mest mulig folk på det, jo fleire som er med til betre er det.

Der er òg andre turistar ute på vegane, særleg om sommaren, som òg måtte kunna styrast meir inn over her. Eg har inntrykk av at turistinformasjonen borte i Ølen styrer alt inn over til Åkrafjorden og Hardanger. Dette må det kunna gjerast noko med. Her er så mykje fin natur å visa fram, så det må ein utnytta.

Der burde komma opp eit stort skilt med Opsalkjerringa, som der blir skrive både på norsk og engelsk om historia om den og ambarden og låke. Like eins eit skilt til Skomakarnibba og den historia der. Så har ein Låkafossen òg å visa fram, så det med låke der finn ein neppe så mange plassar her til lands.

Ja, når det gjeld Låkafossen så bør der komma fisketrapp. Når ein får dei rette folka til å planlegga den, tek dei nok vare på naturen der. Med trapp der ville laksen komma seg langt inn over mot Bjønndalen med tida. Når det gjeld å finansiera den, bør ein gå hardt på oppdrettselskapa som driv på i Vindafjorden og ute i Boknafjorden, slik at dei skal vera med på å betala for den. Vikedalselva var i si tid ei av landet beste sjøaureelv, i dag er auren freda her, det kan ein takka all lakselusa for som oppdretten produserer. For å bøta på raseringa av auren, meiner eg dei skal vera med på å betala for trappa. Kjem der trapp der så kjem der til å strøyma til med fiskarar, det er eg sikker på, og det er folk som legg att pengar i bygda.

Så har me dei meir spreke turistane som har hug på ein fin fjelltur inn i den fine fjellheimen her. Dei kunne sikkert Moa Hundseid taka seg av og guida dei inn over til Bjønnstigen, Sjurstølen og Bjønndalen og fortelja dei om historia der, korleis det var i gamle dagar. Å, der er så fint inn over der.

Her gjeld det om å taka vare på dei turistane som har hug på fleire opplevingar så dei stoppar ei stund. Gamleheimen her står vel mest tom. Det gamle kommunehuset kunne vel òg ein del av byggast om til overnatting. Så har ein det tredje huset der er jo nokre overnattingsplassar, men der ikkje så mange. Eg høyrde Eigersund kommune har brukt media for å lansera Trollpikken, og dei har fått ein svær respons på det med fulle hotell nå, før var der berre litt belegg der. Media burde òg Vikedal bruka for å lansera alt som er her. Så nå håpar eg på at Vikedal òg vaknar frå Tornerose-søvnen sin. Her handlar det om arbeidsplassar.

Torleif Sigvald Grimås
Vikedal