Framsida til Grannar i samband med 50-årsjubileet til frigjeringsdagen i 1995.
Framsida til Grannar i samband med 50-årsjubileet til frigjeringsdagen i 1995.

Har du bilde frå fredsdagane?

Den 8. mai er det 75 år sidan andre verdskrig var slutt og det norske folk kunne feira at Noreg igjen var eit fritt land. Grannar vil markera dette med ulikt stoff frå krigen og fredsfeiringa i avisa som kjem ut 7. mai. I forbindelse med dette er me interessert i foto frå feiringa 8. mai 1945, og bilde frå krigsåra. Me er også interessert i tips om historier og personar som kan vera aktuelle å skriva om i samband med jubileet.

Send foto til: redaksjon@grannar.no, eller ring oss på tlf. 932 55 990.

Red.