Det er godt å bade når det blir varmt i vêret
Passerte 20 varmegradar
Vats målestasjon var først ut lokalt med å passera 20 varmegrader, og like etter fylgde Etne med.
Tysdag denne veka var temperaturen 20,2 grader då Meteorologisk institutt klokka 14.00 målte temperaturen målestasjonen i Nedre Vats. Dette er kvalifisert til å bli utnemna som årets første lokale sommardag. Kl 17 hadde temperaturen stige til 21,2 gradar.
Sidan før helga har sola skine frå skyfri himmel etter at eit høgtrykk har lagt seg over Sør-Noreg. Først måndag steig temperaturane skikkeleg og Vats kunne notera seg for 18,5 gradar.
Samme dag blei det ved Etne målestasjon målt 18,6 gradar om ettermiddagen. Også denne stasjonen fekk temperatur rundt 20 gradar tysdag. Kl 13.00 blei det målt 19,4 grader, og éin time viste temperaturen 20,9 gradar. Kl 15.00 hadde temperaturen gått ytterlegare opp, til heile 21,8 gradar.