Like før klokka 14 torsdag melde Sør-Vest politidistrikt og 110 Sør-Vest om brannutrykking til Øredalsvegen i Skånevik. Meldinga gjekk ut på røyk og flammar frå eit bustadhus.
Brannvesenet var på staden etter kort tid, og politiet melde klokka 14.05 at sløkking var i gang.
Fekk kontroll
Klokka 14.20 opplyser operasjonsleiar Toralv Skårland ved Sør-Vest politidistrikt at brannen var sløkt.
— Huseigar har kome til staden, og stadfesta at det ikkje er folk i huset, seier Skårland.
Han seier at det ser ut til at brannen har starta i kjellaren, men årsaka er ukjend.
— I kva grad det er skadar i andre etasjar kjenner eg ikkje til, seier han.
Ein del røyk
Då Grannar var på staden rundt klokka 14.30 var det framleis ein del røyk på austre delen av huset, men det avtok raskt.
Politiet opplyste at brannvesenet vil vere på staden ei god stund framover for å unngå oppblussing.