Lisa Marie Ness Klungland frå Ølen er vald inn på andreplass på Rogaland Sp si liste til stortingsvalet 2021.
Foto: Privat
Lisa Marie Ness Klungland (Sp) blir medlem av helse- og omsorgskomiteen.

Ein hyllest til praktiske nevar og kloke hovud

Den siste tida har mange stått på for å halde landet oppe. Det har vore hender og hovud i salig samkøyring som har gjort at me har fått tak i mat og drivstoff, og dette har blitt gjort i visse om at det er god smittehygiene der ein handlar. Helsepersonell har gått på jobb utan å vite korleis framtida blir, men både reinhaldsoperatørar, kokkar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar har gjort sitt beste for at pasientane ikkje skal merke noko særleg forandring.

Det er mange andre yrkesgrupper ein kan nemne som har stått på dei siste vekene, men felles for dei er kombinasjonen av å bruke både hendene og hovudet. Det er kunnskapen som sit i hovudet som gjer at me veit korleis me skal bruke hendene. Kunnskap som veit korleis me skal vaske handtak og maskinar slik at virus og bakteriar forsvinn. Kunnskap som veit korleis me tar vare på pasient og pårørande i ein krevjande situasjon.

Det er ikkje tvil om at me må ha større fokus på yrkesfag og ein meir praktisk skule. Me treng politikarar som set krav til bedrifter, set krav til at me som står på i desse dagar får tilbake for det me har gjort.

Den 1. mai i år fekk me ikkje gå i tog, men til deg som har jobba og stått på: Tusen takk – vit at me ikkje hadde klart dette utan deg! La oss saman sette press på politikarar og arbeidsgjevarar slik at me får dei arbeidsvilkåra og den løna me fortener!

Lisa Marie Ness Klungland
fylkesleiar i Rogaland Senterungdom
og snart sjukepleiar