Vikedalsbuen starta feiringa med biltur til fjellgardane i Vikedal. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bilkortesje er vanleg innslag i 17.mai-programmet i Vikedal. Det blir det også i år, med start kl 09.00 frå bygdehuset. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen

Start kl. 09.00 i Vikedal og kl. 10.00 i Sandeid

Feil tidspunkt for Vikedal-kortesje

I tillegg til den store bilkortesjen 17. mai i regi av  Etne & Vindafjord motorklubb, har Vikedal sin eigen kortesje. I torsdagens Grannar står det feil tidspunkt (kl. 11.00) som startstidspunkt for denne. Rett tid for starten på denne er klokka 09.00. Det er 17. mai-komiteen i Vikedal som står som arrangør. Frå Vikedal går kortesjen rundt dalen og vidare til Imsland og rund Ølmedalsvatnet.

Også tidspunktet for Sandeid sin eigen kortesje er feil i dagens Grannar. Rett tidspunkt her er kl.10.00.