Her Lars Olav Bergsvåg (t.v.) saman med, Liv Kari Eskeland, stortingrepresentant frå Vestland Høgre, Roar Gundegjerde, Etne Høgre og Lars Hovda SMV
Foto: Privat.
Her Lars Olav Bergsvåg (t.v.) saman med, Liv Kari Eskeland, stortingrepresentant frå Vestland Høgre, Roar Gundegjerde, Etne Høgre og Lars Hovda SMV Foto: Privat.

Kommunane får meir makt i byggesaker

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender i desse dagar ut eit nytt forslag på høyring som vil overføre meir makt frå staten til kommunane. Det vil gje endringar i dispensasjonsavgjerda i plan- og bygningslova.

Dette er våre tankar kring dette – noko som heilt sikkert vil vera av interesse for mange:

Det vert no meir makt til kommunen i byggesaker.

Endringa har som mål å overføre meir makt frå Staten til kommunane. I Etne kjenner vi til fleire saker der vi har hatt utfordringar, og brukt mykje tid og ressursar på å argumentere mot staten sin forlenga arm, fylkesmannen. Dette fører i mange tilfelle til at tiltakshavar gir opp, då dei ikkje orkar den vidare kampen. Dette er ikkje bra for lokaldemokratiet, busetnad eller for den enkelte.

Dette vil styrke lokaldemokratiet, og gje kommunen større fridom til sjølv å finne den beste løysinga. I praksis inneber det større handlingsrommet i saker som t.d. dispensasjon frå avstandskrav, utnyttingsgrad, etasjemengde eller plankrav. I tillegg dispensasjon for å setje opp garasjar, uthus, terrassar og plattingar og liknande, seier Liv Kari Eskeland, som gjennom sitt stortingsarbeid har vore ein av pådrivarane for at kommunane skal få eit større handlingsrom. Erfaringar frå tida som ordførar gjer at ho har engasjert seg i saka. Også gjennom arbeidet med Distriktsnettverket i Høgre har det vore svært mange innspel på at kommunane vert overkjørt.

For innbyggarane betyr det enklare og raskare saksbehandling. Det skal leggast meir vekt på ønske og innspelet til huseigar om fornuftig og formålstenleg utnytting og bruk av eigen eigedom. Eit slikt handlingsrom vil bidra til at det blir færre klagesaker og ein betre balanse mellom kommunalt sjølvstyre og omsynet til regionale og nasjonale interesser.

Fylkesmannen som klageinstans vil framleis kunne gjere ei overprøving av skjønnet, men skal legge stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøvinga. I tillegg skal han gjera vurderingar i saker av nasjonal eller regionale interesse. Typisk gjeld dette saker som gjeld dispensasjon i strandsona, og saker som rører kulturminne eller samiske interesser. Domstolane skal ikkje kunne prøve skjønnsutøvinga til kommunen, med unntak for tilfelle av styresmaktsmisbruk.

I dagens dispensasjonsavgjerd er det krav til vurderinga av fordeler og ulemper. Fordelen må vere «klart» større enn ulempa. Denne formuleringa er ønskt fjerna, og erstatta med ordninga etter tidlegare lov der det var tilstrekkeleg med alminneleg interesseovervekt for å gje dispensasjon. Dei skjønnsmessige vurderingane i avgjerda skal vere undergitt fritt skjønn. Forslaget er sendt på høyring med frist 01.09.20

Eg ser fram til å få ein god debatt om høyringsframlegget i kommunen, og vonar at også utbyggarar og næringsliv vil engasjera seg i høyringsrunden.

Lars Olav Bergsvåg
Etne Høgre